Stiff Upper Lip av AC/DC

Stiff Upper Lip
Studioalbum av AC/DC
Språk engelsk
Utgjeve 28. februar 2000[1]
Innspelt September – oktober 1999
Studio The Warehouse (Vancouver)
Sjanger Hardrock, bluesrock
Lengd 46:57
Selskap
Produsent George Young
AC/DC-kronologi 
Bonfire
(1997)
Stiff Upper Lip Black Ice
(2008)


Singlar frå Stiff Upper Lip
  1. «Stiff Upper Lip»
    Utgjeve: 21. januar 2000 (Storbritannia)
  2. «Safe in New York City»
    Utgjeve: 28. februar 2000 (Aus.) [2]
  3. «Satellite Blues»
    Utgjeve: 8. januar 2001 (Aus.) [3]

Stiff Upper Lip er det 14. studioalbumet til det australske hardrockbandet AC/DC. Det kom ut 28. februar 2000.[1] Albumet vart produsert av George Young, storebror til Malcolm og Angus Young, og dette var det siste AC/DC-albumet som George produserte før han døyde i 2017. Albumet vart gitt ut på nytt i USA den 17. april 2007 som ein del av serien AC/DC Remasters. Det vart gitt ut på nytt i Storbritannia i 2005.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars [4]
Blender2/5 stars [5]
The Encyclopedia of Popular Music3/5 stars[6]
Entertainment WeeklyC+ [7]
NME(9/10) [8]
Q4/5 stars [9]
Rolling Stone3/5 stars [10]

Bakgrunn

endre

Young-brørne byrja å skriva låtar til det som skulle bli Stiff Upper Lip sommaren 1997 i London og Nederland med Malcolm på gitar og Angus på trommer, og i februar 1998 var låtane ferdige. [11] Bandet hadde planlagt å spela inn eit nytt album med kanadiaren Bruce Fairbairn, som hadde produsert dei enormt vellykka The Razors Edge og AC/DC Live, men Fairbairn døydde i mai 1999. Young-brørne vende seg til den eldre bror sin George, som hadde produsert Blow Up Your Video frå 1988 og dei første albuma til bandet i lag med Harry Vanda, og Mike Fraser, som hadde produsert Ballbreaker frå 1995 (saman med Rick Rubin), for å fullføra Stiff Upper Lip.

Innspeling

endre

Albumet vart spelt inn og miksa i Bryan Adams sitt Warehouse Studio i Vancouver i British Columbia, Canada, mellom september og november 1999, med totalt 18 låtar. [12] I 2000 uttalte bassist Cliff Williams til VH1-programmet Behind the Music: «Det er eit fantastisk album. Det var eit album som var veldig lett å spela inn i og med at Malcolm og Angus hadde alt klart, så me måtte berre komma og gjera så godt me kunna.» Ifølgje memorara til Arnaud Durieux AC/DC: Maximum Rock & Roll tek Malcolm ein sjeldan gitarsolo på «Can't Stand Still», medan Angus tek korvokalen på «Hold Me Back». Albumet dykkar endå djupare ned i bluesrøtene til bandet enn forgjengaren Ballbreaker og har eit oppsiktsvekkjande reint lydbilete. I eit intervju med Alan Di Perna i Guitar World kommenterte vokalisten Brian Johnson samarbeidet med George Young:

«Tidlegare har han alltid jobba med Harry [Vanda]. Ikkje for å forkleina Harry, men det var ganske straumlinjeforma denne gongen. Du hadde ingen å svara til eller diskutera med, bortsett frå Malcolm eller Angus. Me jobba faktisk ganske hardt denne gongen, frå klokka 11 om morgonen til klokka eitt på natta nokre gonger. Laurdagar òg. Men det var bra. George hadde alltid ein plan. Eg hata å venta på neste avgjerd. George hadde alltid ein plan.»

Komposisjon

endre

Angus Young forklarte i intervju at albumtittelen kom til han då han sat fast i trafikken og byrja å grubla over kor viktig lepper var i rock and roll-kulturen, med tilvising til ikona Elvis Presley og Mick Jagger, og bar på ein viss hånleg trass.[12] Han noterte at han sjølv hadde bidrege til denne tradisjonen:

Det var litt av det, og det har alltid vore litt humor hos oss òg. Sjølv då me byrja, pleidde eg alltid å seia: «Eg har større lepper enn Jagger, og eg har større lepper enn Presley når eg stikk dei ut.» Faktisk, viss du ser på albumet Highway to Hell, er det leppa mi som sit fast der oppe slik [krøllar leppa]. Eg hugsar at då eg var liten, såg eg ein tidleg svart-kvitt-film med Brigitte Bardot, og ho hadde sånne surmulande lepper, og då tenkjer ein: «Ja, ja! Eg liker det ho kjem med!»[13].

Låtar som etter seiande vart spelt inn til albumet, men som ikkje vart gitt ut, var: «Let It Go», «R.I.P. It Up», «Whistle Blower», «Rave On» og «The Cock Crows».[14].

Utgiving

endre

Albumomslaget er pryda av ein bronsestatue av Angus, som på turneen vart etterlikna i form av ein fleire etasjar høg rekvisitt med den demoniske skikkelsen hans. Dei tre singlane frå albumet var tittelsporet «Stiff Upper Lip», «Safe in New York City» og «Satellite Blues». I Australia, New Zealand og Europa vart det gitt ut ei turnéutgåve med to plater av Stiff Upper LipAlbert Productions i januar 2001. Denne inkluderer Stiff Upper Lip pluss ei plate som inneheld: «Cyberspace» (B-sida av «Safe in New York City»), fem live-spor frå 1996-albumet No Bull, og dessutan tre videoar (for kvara av singlane).

Videoen til tittelsporet - regissert av Andy Morahan,[15] - startar med at bandet køyrer nedover gata i ein raud Hummer H1 frå 1997 og blir fanga i ein trafikkork. Dei køyrer inn i ei bakgate, går ut og byrjar å spela songen på gata. Songen bandet høyrer på før bilkøen er «It's a Long Way to the Top (If You Wanna Rock 'n' Roll)», gitt ut då avdøde Bon Scott var medlem.

I kjølvatnet av 9/11-åtaka vart songen «Safe in New York City» inkludert på 2001 Clear Channel-lista, ei liste over «lyrisk tvilsame» songar (seks andre AC/DC-songar kom med på lista: «Dirty Deeds Done Dirt Cheap,» «Shot Down in Flames,» «Shoot to Thrill,» «Hell's Bells,» «T.N.T.,» og «Highway to Hell»). I eit intervju med Alan Di Perna for Guitar World i mai 2000 - vel eit år før tragedien - vart Angus Young spurt om han verkeleg kjende seg trygg i New York City: «Den songen er litt ironisk meint. Førre gong eg var i New York, var det alt folk snakka om: kor trygt det var, kor flott det skulle bli å bu der. For meg har New York alltid vore ein by prega av uvisse. Du kan aldri gjetta kva som kjem til å skje.»

Mottaking

endre

Stiff Upper Lip klatra til sjuandeplassen på den amerikanske Billboard-lista og nådde 12. plassen i Storbritannia. Det gjekk heilt til topps på albumlistene i Finland, Sverige, Tyskland og Austerrike. Den vart betre mottekne av kritikarane enn Ballbreaker, men vart rekna for å mangla nye idear.[16][17]

Innhald

endre

Alle songar er skrivne av Angus Young og Malcolm Young.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Stiff Upper Lip»3:34
2.«Meltdown»3:41
3.«House of Jazz»3:56
4.«Hold Me Back»3:59
5.«Safe in New York City»3:59
6.«Can't Stand Still»3:41
Side to
Nr.TittelLengd
7.«Can't Stop Rock 'n' Roll»4:02
8.«Satellite Blues»3:46
9.«Damned»3:52
10.«Come and Get It»4:02
11.«All Screwed Up»4:36
12.«Give It Up»3:54
Total lengd:46:57

Plate to av luksusutgåva frå 2001

endre
Nr.TittelLengd
1.«Cyberspace» (B-side)2:59
2.«Back in Black (Live – Plaza de Toros, Madrid, 1996)» (Young, Young, Johnson)3:41
3.«Hard as a Rock (Live – Plaza de Toros, Madrid, 1996)»4:51
4.«Ballbreaker (Live – Plaza de Toros, Madrid, 1996)»4:41
5.«Whole Lotta Rosie (Live – Plaza de Toros, Madrid, 1996)» (Young, Young, Bon Scott)5:27
6.«Let There Be Rock (Live – Plaza de Toros, Madrid, 1996)» (Young, Young, Scott)11:53
7.«Stiff Upper Lip» (Musikkvideo)3:50
8.«Safe in New York City» (Musikkvideo)4:01
9.«Satellite Blues» (Musikkvideo)3:55

Stiff Upper Lip Live

endre
Stiff Upper Lip Live
Video av AC/DC
Språk engelsk
Utgjeve 2001
Innspelt Olympiastadion, Munich, Tyskland, 14. juni 2001
Sjanger Hardrock, bluesrock
Lengd 140 min.
Selskap
Produsent Rocky Oldham

Stiff Upper Lip Live er namnet på livevideoen gitt ut i 2001 av AC/DC, spelt inn 14. juni 2001 på Olympiastadion i München i Tyskland, på deira Stiff Upper Lip-turneen. Sporlista er som følgjer:

  1. «Stiff Upper Lip» (Young, Young)
  2. «You Shook Me All Night Long» (Young, Young, Johnson)
  3. «Problem Child» (Young, Young, Scott)
  4. «Thunderstruck» (Young, Young)
  5. «Hell Ain't a Bad Place to Be» (Young, Young, Scott)
  6. «Hard as a Rock» (Young, Young)
  7. «Shoot to Thrill» (Young, Young, Johnson)
  8. «Rock and Roll Ain't Noise Pollution» (Young, Young, Johnson)
  9. «What Do You Do for Money Honey» (Young, Young, Johnson)
  10. «Bad Boy Boogie» (Young, Young, Scott)
  11. «Hells Bells» (Young, Young, Johnson)
  12. «Up to My Neck in You» (Young, Young, Scott)
  13. «The Jack» (Young, Young, Scott)
  14. «Back in Black» (Young, Young, Johnson)
  15. «Dirty Deeds Done Dirt Cheap» (Young, Young, Scott)
  16. «Highway to Hell» (Young, Young, Scott)
  17. «Whole Lotta Rosie» (Young, Young, Scott)
  18. «Let There Be Rock» (Young, Young, Scott)
  19. «T.N.T.» (Young, Young, Scott)
  20. «For Those About to Rock (We Salute You)» (Young, Young, Johnson)
  21. «Shot Down in Flames» (Young, Young, Scott)
  • Mastra i 5.1 av Ted Jensen ved Sterling Sound, NYC

Merknad

endre
  • Det var ein original nyhendemelding som vart brukt til Europaturneen, men eit alternativ vart i staden brukt til filmen etter 9/11-åtaka i New York City. Den originale meldinga vart likevel gjord tilgjengeleg på bonusdisken til DVD-en Plug Me In frå 2007

Medverkande

endre
Andre medverkande
  • George Young - produksjon
  • Mike Fraser - lydteknikar og miksing
  • Dean Maher - assisterende lydteknikar
  • Alvin Handwerker - management
  • Alli Truch - kunst

Salslister

endre

Vekeslister

endre
Liste (2000) Plassering
Australske album (ARIA)[18] 3
Austerrikske album (Ö3 Austria)[19] 1
Belgiske album (Ultratop Flandern)[20] 17
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[21] 10
Kanadiske album (Billboard)[22] 5
Nederlandske album (MegaCharts)[23] 36
Finske album (Suomen virallinen lista)[24] 1
Franske album (SNEP)[25] 2
Tyske album (Offizielle Top 100)[26] 1
Ungarske album (MAHASZ)[27] 6
Irske album (IRMA)[28] 46
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[29] 12
Norske album (VG-lista)[30] 6
Svenske album (Sverigetopplistan)[31] 1
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[32] 2
Britiske album (OCC)[33] 12
US Billboard 200[34] 7

Årslister

endre
Liste (2000) Plassering
Australske album (ARIA)[35] 76
Austerrikske album (Ö3 Austria)[36] 24
Belgiske album (Ultratop Flandern)[37] 91
Kanadiske album (Nielsen SoundScan)[38] 77
Europeiske album (Music & Media)[39] 27
Tyske album (Offizielle Top 100)[40] 16
Sveitisiske album (Schweizer Hitparade)[41] 19
US Billboard 200[42] 151

Salstrofé

endre
Region Salstrofé Salstal
Argentina (CAPIF)[43] Gull 30 000x
Australia (ARIA)[44] 3× Platina 210 000^
Austerrike (IFPI Austerrike)[45] Gull 25 000x
Canada (Music Canada)[46] Platina 100 000^
Finland (Musiikkituottajat)[47] Gull 27,417[47]
Frankrike (SNEP)[48] 2× Gull 200 000*
Tyskland (BVMI)[49] 3× Gull 450 000^
Spania(PROMUSICAE)[50] Platina 100 000^
Sverige (GLF)[51] Gull 40 000^
Sveits(IFPI Switzerland)[52] Platina 50 000x
Storbritannia (BPI)[53] Gull 100 000^
USA (RIAA)[54] Platina 1 000 000^
Oppsummering
Europa (IFPI)[55] Platina 1 000 000*

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Popoff 2023, s. 133.
  2. «AC/DC». 
  3. «AC/DC». 
  4. Allmusic review
  5. Blender review Arkivert 9. april 2007 ved Wayback Machine.
  6. Larkin, Colin (2007). The Encyclopedia of Popular Music (5th Concise utg.). Storbritannia: Omnibus Press. s. 34. ISBN 978-1-84609-856-7. 
  7. Entertainment Weekly review
  8. NME review
  9. Q review, October 2000 Arkivert 27. september 2007 ved Wayback Machine.
  10. Rolling Stone review
  11. Engleheart, Murray & Arnaud Durieux (2006). AC/DC: Maximum Rock & Roll. s. 433–434. ISBN 0-7322-8383-3. 
  12. 12,0 12,1 Engleheart, Murray & Arnaud Durieux (2006). AC/DC: Maximum Rock & Roll. s. 434–437. ISBN 0-7322-8383-3. 
  13. Engleheart, Murray & Arnaud Durieux (2006). AC/DC: Maximum Rock & Roll. s. 437–438. ISBN 0-7322-8383-3. 
  14. {«Angus gets a stiffie». Classic Rock. #12: 6. Mars 2000. 
  15. mvdbase.com - AC/DC - «Stiff upper lip»
  16. Wild, David (30. mars 2000). «AC/DC: Stiff Upper Lip». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 27. juli 2008. Henta 2. august 2008. 
  17. Erlewine, Stephen Thomas. «AC/DC – Stiff Upper Lip». Allmusic. Henta 2. august 2008. 
  18. "AC/DC – Stiff Upper Lip". Australiancharts.com. Hung Medien. Henta 30. juni 2023.
  19. "AC/DC - Stiff Upper Lip" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 30. juni 2023.
  20. "AC/DC – Stiff Upper Lip" (På nederlandsk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 30. juni 2023.
  21. "AC/DC – Stiff Upper Lip" (På fransk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 30. juni 2023.
  22. "AC/DC Album & Song Chart History" Billboard Canadian Albums Chart for AC/DC. Prometheus Global Media. Henta 30. juni 2023.
  23. "AC/DC – Stiff Upper Lip". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 30. juni 2023.
  24. "AC/DC: Stiff Upper Lip" (På finsk). Musiikkituottajat – IFPI Finland. Henta 30. juni 2023.
  25. "AC/DC – Stiff Upper Lip". Lescharts.com. Hung Medien. Henta 30. juni 2023.
  26. "Offiziellecharts.de – AC/DC – Stiff Upper Lip" (På tysk). GfK Entertainment Charts.
  27. "Archívum – Slágerlisták – MAHASZ – Magyar Hangfelvétel-kiadók Szövetsége". Mahasz.hu. LightMedia.
  28. "GFK Chart-Track". Chart-Track.co.uk. GFK Chart-Track. IRMA. Henta 30. juni 2023.
  29. "AC/DC – Stiff Upper Lip". Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 30. juni 2023.
  30. "AC/DC – Stiff Upper Lip". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 30. juni 2023.
  31. "AC/DC – Stiff Upper Lip". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 30. juni 2023.
  32. "AC/DC – Stiff Upper Lip". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 30. juni 2023.
  33. "2000-03-11 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 30. juni 2023.
  34. "AC/DC Album & Song Chart History" Billboard 200 for AC/DC. Prometheus Global Media. Henta 30. juni 2023.
  35. «ARIA End Of Year Albums 2000». ARIA Charts. Henta 16. april 2017.
  36. «Jahreshitparade 2000» (in German). Austrian Charts Portal. Henta 16. april 2017.
  37. «Rapports Annuels 2000» (in French). Ultratop Vallonia. Henta 16. april 2017.
  38. «Canada's Top 200 Albums of 2000». Jam!. Arkivert frå originalen 12. august 2004. Henta 230. juni 2023. 
  39. «Year in Focus – European Top 100 Albums 2000» (PDF). Music & Media 17 (52): 9. 23. desember 2000. OCLC 29800226. Henta 19. januar 2019 – via American Radio History. 
  40. «Album-Jahrecharts 2000» (in German). Offizielle Charts. Henta 16. april 2017.
  41. «Schweizer Jahreshitparade 2000» (in German). Swiss Charts Portal. Hung Medien. Henta 16. april 2017.
  42. «Billboard 200 Albums – Year-end 2000». Billboard. Prometheus Global Media. Henta 16. april 2017.
  43. «Gold & Platinum Salstrofé». CAPIF (på spansk). Arkivert frå originalen 6. juli 2011. Henta 30. juni 2023. 
  44. «ARIA Charts – Accreditations – 2013 Albums». Australian Recording Industry Association. 
  45. «Austrian album salstrofé – AC/DC – Stiff Upper Lip» (på tysk). IFPI Austerrike. Henta 30. juni 2023.  Enter AC/DC in the field Interpret. Enter Stiff Upper Lip in the field Titel. Select album in the field Format. Click Suchen
  46. «Canadian album salstrofé – AC/DC – Stiff Upper Lip». Music Canada. Henta 30. juni 2023. 
  47. 47,0 47,1 «Finnish album Salstrofé – AC/DC». Musiikkituottajat – IFPI Finland (på finsk). Henta 30. juni 2023. 
  48. «French album salstrofé – AC/DC – Stiff Upper Lip» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. Henta 30. juni 2023. 
  49. «Gold-/Platin-Datenbank (AC/DC; 'Stiff Upper Lip')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. Henta 30. juni 2023. 
  50. Salaverrie, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (PDF) (på spansk) (1st utg.). Madrid: Fundación Autor/SGAE. s. 956. ISBN 84-8048-639-2. Henta 24. august 2019. 
  51. «Guld- och Platinacertifikat − År 2000» (PDF) (på svensk). IFPI Sweden. Henta 23. april 2019. 
  52. «The Official Swiss Charts and Music Community: Awards (AC/DC; 'Stiff Upper Lip')». Hung Medien. Henta 30. juni 2023. 
  53. «British album salstrofé – AC/DC – Stiff Upper Lip». British Phonographic Industry. Henta 6. januar 2016.  Enter Stiff Upper Lip in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  54. «AC/DC's Black Ice Is Red Hot». RIAA. Henta 30. juni 2023. 
  55. «IFPI Platinum Europe Awards – 2000». International Federation of the Phonographic Industry. Henta 28. mars 2020.