Harlekinmarihøne
Harlekinmarihøne (Harmonia axyridis) er ei marihøne som førekjem naturleg aust i Asia. I seinare tid har arten vorte innført til mange andre land òg, både medvite for å bekjempa bladlus og ved uhell. Ho vert beskriven som verdas mest aggressive framande marihøne på grunn av skadane ho gjer på lokal insektfauna.
Harlekinmarihøne | |
Ulike fargevariantar av harlekinmarihøne. Foto: ©Entomart
| |
Status | |
Status i Noreg: Framandart med svært høg risiko | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Underrekkje: | Seksfotingar Hexapoda |
Klasse: | Insekt Insecta |
Orden: | Biller Coleoptera |
Familie: | Marihøne Coccinellidae |
Slekt: | Harmonia |
Art: | Harlekinmarihøne H. axyridis |
Vitskapleg namn | |
Harmonia axyridis |
Kjenneteikn
endreHarlekinmarihøna er 5 til 8 millimeter lang, ganske stor til marihøne å vera. Ho er ovalt forma og varierer sterkt i farge og prikkmønster. Dekkvengjene kan variera frå gul, oransje og raud til svart med alt frå null til 21 oransjeraude til svarte prikkar.
Protonum, ryggsegmentet framfor vengjene som hovudet er fest til, er som regel kvitt eller kremkvitt med eit svart mønster som stundom liknar ein M. Beina er oftast brune.
Det er kjend over 100 fargevariantar av arten. Vanlegast i Europa er ei oransje form med 15-21 svarte flekkar og ei svart form med 2-4 oransje til raude prikkar. Eksemplara som har vorte funne i Noreg høyrde til den første av desse formene, succinea-forma.
Levesett
endreHarlekinmarihøna lever hovudsakleg av bladlus, men når desse tek slutt går ho over på andre insekt — til dømes larvar frå sommarfuglar eller andre marihøner. Såleis er arten flink til å utkonkurrera dei lokale artane når ho kjem til nye stadar der marihønefaunaen ikkje er tilpassa denne aggressive konkurransen.
Avhengig av temperatur og mattilgong har harlekinmarihøna ein til to generasjonar i året. Vaksne individ går i dvale i tempererte strok, ofte i hus. For å skaffa seg nok næringsreserver å tæra på et dei litt av frukt og bær før dei overvintrar. Det er kjend frå USA at opp til 20 000 individ kan overvintra i ein og same husvegg.
Den første paringstida er om våren. Dei legg egga sine nær bladluskoloniar, og for at dei skal klekka må temperaturen vera minst 10,5°C. Dei er holometabole insekt som må gjennom fire stadium i løpet av livet; egg, larve, puppe og imago eller vaksent insekt.
Harlekinmarihøna som framand art
endreHarlekinmarihøna vart først innført til Europa i 1982 for å bekjempa bladlus på nytteplantar. I USA etablerte ho seg i 1988 på sitrusfruktplantasjar. Det vart foreslått å innføra arten til Noreg så seint som i 2001, men Statens landbrukstilsyn takka nei.
Arten er særs aggressivt invaderande, sidan han forsyner seg så grovt av lokal insektfauna. Ikkje har han noko særleg med naturlege fiendar i landa han kjem til heller. Harlekinmarihøna er allereie den vanlegaste marihønearten i Nord-Amerika, og har i tillegg etablert solide bestandar som spreier seg raskt i mellom andre Storbritannia, Tyskland, Frankrike, Benelux-landa, Hellas og Egypt.
Selskapet Bioforsk reknar med at det ikkje er noko i vegen for at arten skal vera i stand til å få fotfeste i Noreg heller viss han skulle få sjansen. Det ser ut til at det allereie er etablert ein bestand i Oslo, då dei fleste observasjonane er herfrå.[1] Det er òg gjort funn frå Rauma, Snåsa, Tvedestrand og Re i Vestfold.[2] I 2009 vart det gjort funn i Førde.[3] Funna omfattar både larvar og imagoar.
Ein reknar med at harlekinmarihøna kan få særs alvorlege konsekvensar for norsk insektfauna. Ikkje berre er arten i stand til å rydja ut andre marihøner, men òg mange andre viktige nytteinsekt kan stryka med. Dette kan føra til at insektetande fuglar døyr ut, at skadeinsekt vert meir hyppige på grunn av at dei vanlege predatorane deira forsvinn, og at viktige pollinatorar vert sjeldnare og bidreg til at mange plantar ikkje vil klare å formeira seg.
Ordsoge
endreHarlekinmarihøna har fått namnet sitt frå commedia dell'Arte-figuren Harlekin, på grunn av at fargemønsteret varierer så valdsamt.
Kjelder
endre- Artsdatabanken om harlekinmarihøne
- Forskning.no om harlekinmarihøne Arkivert 2008-01-27 ved Wayback Machine.
- Direktoratet for naturforvaltning om harlekinmarihøna[daud lenkje]
- Om å kjenne att harlekinmarihøna, på engelsk Arkivert 2011-11-08 ved Wayback Machine.
- Staverløkk, A., Sæthre, M. & Hågvar, E.B. (2007): «A review of the biology of the invasive harlequin ladybird Harmonia axyridis (Pallas, 1773) (Coleoptera, Coccinellidae)» i Norwegian Journal of Entomology vol. 54, nr. 2, s. 97–104.
Referansar
endre- ↑ «Harlekinmarihøne», www.artsdatabanken.no (på norsk bokmål), henta 5. februar 2022
- ↑ «Funn av harlekinmarihøna Harmonia axyridis i Norge.» av Arnstein Staverløkk og May-Guri Sæthre i Insekt-Nytt nr. 33 (nr. 4/2008).
- ↑ «Plantehelse: Harlekinmarihøna funnet i Førde» hjå Landbruks- og matdepartementet (20.11.2009).
Bakgrunnsstoff
endre- www.marihoner.no[daud lenkje] – om norske funn