Hastings er ein by i East Sussex, søraust i England. Han har rundt 90 000 innbyggjarar (2007). Hastings er kjend som ein badeby og slaget ved Hastings i 1066, då Wilhelm Erobraren og normannarane tok over styret av England. Slaget stod eigentleg ved byen Battle i nærleiken. Hasting var ein av Cinque Ports, fem viktige hamnar i mellomalderen, men blei seinare mindre viktig etter. Hovudindustrien har sidan den tid og fram til no vore fiske.

Hastings

Hastings Castle med piren og sentrum i bakgrunnen
Hastings Castle med piren og sentrum i bakgrunnen
Hastings Castle med piren og sentrum i bakgrunnen
Plassering
Hastings is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap East Sussex
Distrikt Hastings
Geografi
Flatevidd
 - By

2 972 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

90 570
  30,5 /km²
Koordinatar 50°51′N 0°34′E / 50.850°N 0.567°E / 50.850; 0.567
Diverse annan informasjon
Postnummer TN34-35
TN36-37
Telefon-retningsnummer 01424
Nettstad: www.hastings.gov.uk
Commons har multimedium som gjeld: Hastings

Historie

endre
 
Kystlina i Hastings.

Wilhelm Erobraren brukte byen som base då han steig i land i England. Då slaget ved Hastings var vunne bydge han ei borg her som ein kan sjå på Bayeuxteppet. Den noverande borga i Hastings er truleg bygd på den opphavlege grunnmuren.

I mellomalderen blei Hastings kalla den viktigaste av Cinque Ports, dei fem hamnebyane.

1200-talet blei store delar av byen teken av sjøen. Han blei overfalt og brunnen av franskmenn i 1339 og 1377, og gjekk deretter inn i ei nedgangstid. Det at Hastings mangla ei naturleg hamn gjorde ikkje stoda betre. Det blei lagt mange planar om å byggja ei hamn for byen, og i 1897 byrja ein eit prosjekt der ein stor «hamnearm» blei laga i sement. Pengemangel førte til at prosjektet aldri blei fullført, og under andre verdskrigen blei store delar av byggverket sprengd for å hindra tyske styrkar i å bruka det til å invadera England.

Utviklinga av det engelske jarnbanenettet og badeturisme gjorde likevel at byen voks på 1800-talet.

Kjende folk frå Hastings

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre