Haugastøl stasjon

stasjon på Bergensbanen
Foto: Jan-Tore Egge
Foto: Anders Beer Wilse (1912)

Koordinatar: 60°30′43.117″N 7°52′8.5548″E Haugastøl stasjon er ein jernbanestasjon på Bergensbanen. Stasjonen ligg i Hol kommune i Viken, mellom stasjonane Ustaoset i aust og Finse i vest. Følgjer ein sporet over Roa ligg Haugastøl 275,5 km frå Oslo sentralstasjon. Stasjonen ligg 988 meter over havet. Vest for Haugastøl går Bergensbanen og Riksveg 7 ulike vegar, Bergensbanen tar den nordre ruta langs Hallingskarvet, mens Riksveg 7 går lengre sør fram til og gjennom Måbødalen.

Stasjonen vart opna i 1908. Stasjonsbygningen er teikna av jernbanearkitekten Paul Armin Due, og er ei krysning mellom nasjonalromantisk og jugendstil. Bygningen vart renovert i 1963, mellom anna vart det installert toalett. I 2002 fatta Riksantikvaren eit fredningsvedtak for både stasjonsbygningen og den tilhøyrande Sløtfjord voktarbolig.[1]

Rallarvegen har sitt utgangspunkt ved Haugastøl. Den var opphavleg ein anleggsveg bygd av rallarane som bygde jernbanen. Vegen er no ein populær gang- og sykkelsti i sommarmånadene, noko som gjer stasjonen forholdsvis stor trafikk sommarstid og stasjonen er delvis betjent i denne tida. Haugastøl er ikkje mellom de største stasjonane på høgfjellsstrekninga og ekspresstoga betjener ikkje stasjonen.

KjeldeEndra

  1. Melding om fredning for «Haugastøl stasjon og Sløtfjord vokterbolig på Bergensbanen, Hol kommune i Buskerud» Riksantikvaren

BakgrunnsstoffEndra