Hawaiisk

(Omdirigert frå Hawaiisk språk)

Hawaiisk er eit polynesisk språk som saman med engelsk er offisielt språkHawaii.[2] Hawaiisk har rundt 1 000 språkbrukarar, og er rekna som eit truga språk.[3] Dei fleste stader på Hawaii er språket blitt erstatta av engelsk som daglegspråk. Den privateigde, skjerma øya Niʻihau er eit unntak der dei rundt 130 innbyggjarane har hawaiisk som førstespråk.[4]

Hawaiisk
‘Ōlelo Hawai'i
Klassifisering Austronesisk
 Malayo-polynesisk
  Austleg
   Oseanisk
    Polynesisk
     Kjernepolynesisk
      Austpolynesisk
       Sentralt
        Markesisk
         Hawaiisk
Bruk
Tala i  USA
Hawaiisktalande i alt 1 000[1]
Skriftsystem Det latinske alfabetet
Språkkodar
ISO 639-2 haw
ISO 639-3 haw
Wikipedia på hawaiisk

Talet på hawaiisktalane har minka frå rundt 37 000 ved byrjinga av 1900-talet til rundt 1 000, mange av desse eldre, ved byrjinga av 2000-talet. Dei siste tiåra har det vore aukande merksemd rundt hawaiisk, og det finst no skular som gjev språkopplæring i språket på Hawaii.

Ortografi endre

Ortografien for hawaiiisk vart uvikla av protestantiske misjonærar frå USA i 1820-1826. Den første versjonen av alfabetet inneheldt også dei stemte versjonane av konsonantrekka ( b, d, r, t, v), men dei vart erstatta av ein fonematisk analyse av språket. Alle vokalane representerer eit kort og eit langt fonem, lange vokalar er markert med makron (ā, ē, ī, ō, ū).

Aa Ee Ii Oo Uu Hh Kk Ll Mm Nn Pp Ww ʻ
/a/ /e/ /i/ /o/ /u/ /h/ /k~t/ /l/ /m/ /n/ /p/ /v~w/ /ʔ/

Grammatikk endre

Fonologi endre

Konsonantar

Hawaiisk er kjend for å ha eit svært lite konsonantsystem: To nasalar, tre lukkelydar og tre sonorantar/frikativar, med andre ord eit system med åtte fonem i ei 3x3-matrise.

Konsonantar
Labial Alveolar ~ Velar Glottal
Nasal m n  
Plosiv p t ~ k ʔ
Frikativ ~ Sonorant w ~ v l h

Vokalar

Hawaiksk har verdas vanlegaste vokalsystem, femvokalsystemet /i - e - a - o - u/, med lengdeskilnad. For vokalane /e/ og /a/ skil dei korte og lange vokalane seg frå kvarandre også kvalitativt (lang [e:, a:], kort [ɛ ~ e, ɐ ~ ə ].


Hawaiiske vokalar
  fremre midtre bakre
lukka i   u
halvopen e   o
open   a  


Diftongar

Hawaiisk har også diftongar, 10 lange og 6 korte.

Fonotaks

Stavingsstrukturen i hawaiisk er (C)V(V).

Ordklasser endre

Hawaiisk er, som andre polynesiske språk, eit isolerande språk.

Det finst to ordklasser, innhaldsord og partiklar.

Hawaiisk uttrykker syntaktiske funksjonar ved hjelp av partiklar:

  • ʻo markerer subjekt
  • i eller ia markerer objekt
  • ma markerer lokasjon
  • a markerer skiljeleg genitiv
  • o markerer uskiljeleg genitiv (kroppsdelar o.l.)
  • e markerer agensfraser i passiv
  • ē markerer vokativ

Ordstilling endre

Ordstillnga er VSO.

Nominalfrase endre

Tal og bestemtheit blir bestemt med ein partikkel.

Singular Plural
bestemt ka / ke (den, det) (dei)
ubestemt he (eit, ei, eit) Ingen determinativ partikkel, evt. he mau

Kjelder endre

Fotnotar
  1. Ethnologue-tal frå 1995
  2. Constitution of the state of Hawaii, Hawaii legislative reference bureau 
  3. Hinton, Leanne; Hale, Kenneth (2001), The Green Book of Language Revitalization in Practice (på engelsk), Academic Press 
  4. Elbert, Samuel H.; Pukui, Mary Kawena (1979), Hawaiian Grammar (på engelsk), Honolulu: The University Press of Hawaii, ISBN 0-8248-0494-5 

Bakgrunnsstoff endre