Hege Hertzberg

(Omdirigert frå Hege Berg-Nielsen)

Hege Hertzberg (fødd 18. september 1959 i Bærum) er ein norsk diplomat, ambassadør og tidlegare politikar i Venstre.

Hege Hertzberg
Fødenamn Hege Berg-Nielsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. september 1959 (65 år)
Yrke fysiolog, diplomat

Liv og virke

endre

Hertzberg er utdanna ernæringsfysiolog.

Ho var leiar i Unge Venstre i perioden 1985–1986, og stod på stortingslista til Akershus Venstre i 1981. Tida hennar som leiar i Unge Venstre var prega av harde kampar i organisasjonen med å sameine økologi og miljøvern med den liberale ideologien.

Hertzberg var utviklingspolitisk direktør i Utanriksdepartementet.[1] Ho var ambassadør i Ghana frå 2013,[2] og blei sideakkreditert til Liberia, Senegal, Sierra Leone, Gambia og Mali i 2013, Guinea og Gambia i 2014 og frå 2015 til Burkina Faso.[3][4][5][6][7][8][9]

Mellom 2017 og 2019 var ho direktør for Fredskorpset.[10] I 2019 blei ho utnemnd til assisterande utanriksråd[11] i UD.[12]

Kjelder

endre
  1. Bistandsstrategen[daud lenkje], portrettintervju med Hertzberg i Bistandsaktuelt.
  2. «Fem nye norske ambassadører og generalkonsuler». Utenriksdepartementet. 26. april 2013. Henta 15. august 2013. 
  3. Offisielt fra statsråd 1. november 2013
  4. Offisielt frå statsrådet 23. august 2013
  5. Offisielt frå statsrådet 22. november 2013
  6. Offisielt fra statsråd 29. november 2013
  7. Offisielt fra statsråd 13. desember 2013
  8. Offisielt frå statsrådet 21. mars 2014
  9. «Offisielt frå statsrådet 24. april 2015», Regjeringa.no, 24. april 2015, henta 24. mars 2024 
  10. «Ansatte». Arkivert frå originalen 6. september 2017. Henta 6. september 2017. 
  11. «Hege Hertzberg utnevnt til ny assisterende utenriksråd». Bistandsaktuelt. 7. juni 2019. Henta 18. mai 2022. 
  12. «Assisterende utenriksråd Hege Hertzberg». Utenriksdepartementet. Henta 18. mai 2022.