Hege Hertzberg
Hege Hertzberg (fødd 18. september 1959 i Bærum) er ein norsk diplomat, ambassadør og tidlegare politikar i Venstre.
Hege Hertzberg | |
Fødenamn | Hege Berg-Nielsen |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 18. september 1959 (65 år) |
Yrke | fysiolog, diplomat |
Liv og virke
endreHertzberg er utdanna ernæringsfysiolog.
Ho var leiar i Unge Venstre i perioden 1985–1986, og stod på stortingslista til Akershus Venstre i 1981. Tida hennar som leiar i Unge Venstre var prega av harde kampar i organisasjonen med å sameine økologi og miljøvern med den liberale ideologien.
Hertzberg var utviklingspolitisk direktør i Utanriksdepartementet.[1] Ho var ambassadør i Ghana frå 2013,[2] og blei sideakkreditert til Liberia, Senegal, Sierra Leone, Gambia og Mali i 2013, Guinea og Gambia i 2014 og frå 2015 til Burkina Faso.[3][4][5][6][7][8][9]
Mellom 2017 og 2019 var ho direktør for Fredskorpset.[10] I 2019 blei ho utnemnd til assisterande utanriksråd[11] i UD.[12]
Kjelder
endre- ↑ Bistandsstrategen[daud lenkje], portrettintervju med Hertzberg i Bistandsaktuelt.
- ↑ «Fem nye norske ambassadører og generalkonsuler». Utenriksdepartementet. 26. april 2013. Henta 15. august 2013.
- ↑ Offisielt fra statsråd 1. november 2013
- ↑ Offisielt frå statsrådet 23. august 2013
- ↑ Offisielt frå statsrådet 22. november 2013
- ↑ Offisielt fra statsråd 29. november 2013
- ↑ Offisielt fra statsråd 13. desember 2013
- ↑ Offisielt frå statsrådet 21. mars 2014
- ↑ «Offisielt frå statsrådet 24. april 2015», Regjeringa.no, 24. april 2015, henta 24. mars 2024
- ↑ «Ansatte». Arkivert frå originalen 6. september 2017. Henta 6. september 2017.
- ↑ «Hege Hertzberg utnevnt til ny assisterende utenriksråd». Bistandsaktuelt. 7. juni 2019. Henta 18. mai 2022.
- ↑ «Assisterende utenriksråd Hege Hertzberg». Utenriksdepartementet. Henta 18. mai 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Hege Hertzberg» frå Wikipedia på bokmål, den 23. mars 2024.