Helleristingsområdet ved Bøla

bergkunst i Trøndelag

64°8′46.525″N 11°56′19.338″E / 64.14625694°N 11.93870500°E / 64.14625694; 11.93870500

Reinen i helleristingsfeltet ved Bøla er ei simle i naturleg storleik, 180 cm lang og 136 cm høg

Helleristingane ved Bøla er ei rekke steinbilete av dyr og menneske som ligg i Stod i Steinkjer kommune, langs riksveg 763, nokre hundre meter ovanfor Snåsavatnet.

Feltet er eitt av dei det norske samfunnet har kjent til lengst i moderne tid. Det best kjende av bileta er Bølareinen, eit stort reinsdyr som har vore kjend sidan 1800-talet. Det er i alt funne rundt 30 teikningar av fuglar og dyr nær reinen. På 1970-talet fann ein fleire figurar, som bjørn og jerv, like ved. Noko som liknar på ein liten elg blei funne av arkeologistudentar i 1997. Dei siste funna blei gjort under sikringsarbeid i 2001, då ein kom over tjue nye figurar, ein av desse av eit menneske.

Staden ligg på Valøya i Stod, like ved staden der Bøla renn ut i Snåsavatnet, i Steinkjer i Nord-Trøndelag. Fangst- eller veideristingane er truleg 5500–6000 år gamle, og låg nær havet ettersom havnivået var høgare og Snåsavatnet då var ein del av Trondheimsfjorden.

Jernbanen mellom Steinkjer og Snåsa går like forbi feltet, og det ligg heller ikkje langt frå riksveg 763. Det er bygd ein turiststasjon og gangsti for dei som vil vitja feltet. Årleg kjem rundt 50 000 folk for å sjå dei vidgjetne figurane.[1] Turisttrafikken har ført til slitasje på nokre av bileta.

Bølareinen endre

 
Riss av Bølareinen.

Reinsdyrbiletet er rissa inn på eit svaberg langs Bøla med hovudet mot Snåsavatnet. Biletet viser eit heilt reinsdyr i full storleik, 180 x 136 cm, der berre nedste delen av framfoten manglar — truleg på grunn av forvitring. Linjene er rundt to cm breie, og konturen er noko fylt ut med prikkhogging, som kanskje skal førestilla pels. Like framføre dyret kan ein sjå eit u-forma riss, kanskje restane etter eit anna dyrebilde. Eit ufullstendig bjørnebilete som vender motsett veg ligg også i nærleiken.

Reinen blir ofte kalla ein bukk, men i følgje lokale samar viser biletet ei simle. Ein reknar med at biletet blei brukt for å auka jaktlukka, eller kanskje som eit grødesymbol.

Konturane av ein rein rissa inn i berget blei oppdaga i 1842, av Benjamin Vikran frå garden Vikran, då han skulle ta mose av fjellet for å vøla renna til ei elvekvern.[2] Biletet er seinare blitt teikna opp med raudmåling. Reinen er blitt kjent som ein nasjonalskatt, og er den best kjende helleristinga i Steinkjer.

Bølamannen endre

Biletet av Bølamannen ligg kloss oppved gjerdet til jernbanelinja som går like ved.

Som reinsdyret er Bølamannen eit omriss sett frå sida, utan detaljar. Mannsfiguren (som like gjerne kan vera ei kvinne) står framoverlent på noko som liknar korte ski, eller kanskje truger. Han har ein lang arm som held i ein tjukk stav. Magen bular litt ut.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre