Henriettaøya (russisk Остров Генриетты, Ostrov Genrijetty) er ei øy i øygruppa De Long-øyane i Aust-Sibir-havet i Russland. Ho er den nordlegaste i øygruppa og 40 % av ho er dekt av isbrear. Ho er nesten sirkelforma og har ein diameter på 6 km.

Henriettaøya
Lokalt namn Остров Генриетты
Geografi
Stad Nordishavet
Koordinatar 77°06′N 156°30′E / 77.100°N 156.500°E / 77.100; 156.500
Øygruppe De Long-øyane

Areal 12 km²

Høgaste punkt 315 moh.
Administrasjon
Land Russland
Føderasjonssubjekt Republikken Sakha

Demografi
Folketal 0

Geologi endre

Henriettaøya består av folda basaltisk lava og proximal vulkansk turbiditt frå mellompaleozoikum med lag av klastisk sedimentære bergartar frå kenozoikum over. Laga frå palezoikum har intrusjonar av mange lagergangar, årer og dekke med basaltar, andesittbasaltar og porfyrisk dioritt. Basaltane og den porfyriske dioritten er rekna for å vere 310-450 millionar år gamle. Hardkorna sandstein som er ein del av dei klastiske bergartane frå kenozoikum inneheld bitar av underliggande lag frå palezoikum med langt eldre gneis, granitt, kvartsitt og skifer.[1]

Historie endre

Den amerikanske utforskaraen og kapteinløytnanten George Washington DeLong prøvde i 1879 å nå Wrangeløya«Jeannette» og håpte på å oppdaga ope hav nær Nordpolen. Skipet sette seg derimot i fast i pakkisen nær Heraldøya i september 1879. Fartøyet dreiv fleire hundre kilometer med isen og passerte nord for Wrangeløya. I mai 1881 kom skipet mot Jeannetteøya og Henriettaøya. I følgje The Annual Report of the Secretary of the Navy, for the Year 1882 (s. 16) gjekk mannskap i land på øya og erklærte ho ein del av USA. [2] Ekskursjonen var leia av George W. Melville og gjekk i land 2. eller 3. juni. Dei reiste ein varde på staden og la inni denne eit dokument om at dei hadde vore der.

Under den russiske polarekspedisjonen i 1914-1915 leia av Boris Vilkitskij kom isbrytaren «Vajgatsj» mot Jeannettøya for kartlegge denne og Henriettaøya, men store ismengder blokkerte tilkomsten. I 1915 gav den russiske ambassadøren i London ut eit offisielt dokument som sa at Det russiske riket rekna Henriettaøya og fleire andre arktiske øyar som ein del av riket. Dette kravet vart oppretthalde av Sovjetunionen.

Ein sovjetisk polarstasjon vart oppretta på Henriettaøya i 1937 og nedlagd i 1963. Henriettaøya var i 1979 utgangspunkt for ein sovjetisk ekespedisjon på ski til Nordpolen.

Enkelte amerikanarar krev framleis amerikansk eigarskap over Henriettaøya basert på oppdaginga i 1881 og kravet som vart lagt fram då. Ein resolusjon frå senatet i Alaska i 1988 støtta dette kravet, men i følgje det amerikanske utanriksdepartementet har aldri den amerikanske regjeringa kravd Henriettaøya. I 1994 avgjorde høgsteretten i Alaska at Henriettaøya og ei rekkje andre øyar ikkje var ein del av Alaska.

 
Teikning av Lt. Cmdr. George DeLong frå 25. mai 1881, som viser Henriettaøya.

Kjelder endre

  1. Vinogradov et al. 1975, 2006, Kos'ko og Trufanov 2002
  2. Amerikansk marine historie 1882, arkivert frå originalen 7. april 2008, henta 28. juli 2008