Henriette Westhrin

norsk politikar

Henriette Killi Westhrin (fødd 23. mars 1973 i Kragerø) er ein norsk politikar frå Sosialistisk Venstreparti. Frå 20. oktober 2009 var ho statssekretær for barneminister Audun Lysbakken, men etter at Lysbakken gjekk av 5. mars 2012,[1] vart ho statssekretær for Kristin Halvorsen,[2] som vart midlertidig statsråd etter Lysbakken.[3]

Henriette Westhrin
Generalsekretær Henriette Westhrin (32678636061) (cropped).jpg
Fødd 23. mars 1973
Kragerø kommune
Yrke politikar, fagforeiningsleiar
Henriette Westhrin på Commons

BiografiEndra

Henriette Westhrin er utdanna vernepleiar ved Høgskolen i Akershus. Ho har yrkeserfaring både som miljøterapeut, fritidsleiar for funksjonshemma og frå kulturetaten, og har vore innvald i kommunestyret ved Bamble kommune. Frå 1991 sat ho i plan- og miljøutvalet ved Telemark fylkeskommune, og frå 1994 til 1997 var ho nestleiar i Sosialistisk Ungdom. Deretter var ho sentralstyremedlem i SV frå 1999-2001, og leiar i Telemark SV 2001-2002.

Frå 2001 til 2004 sat ho i pensjonskommisjonen. I 2002-2003 jobba ho i fellesorganisasjonen for vernepleiarar, sosionomar og barnevernspedagogar, og i 2003 vart ho nestleiar i Sosialistisk Venstreparti. I 2004-2005 sat ho i utvalet som skulle utreia rammevilkår for norsk industri. Frå 2005 til 2007 var ho statssekretær i Miljøverndepartementet under Helen Bjørnøy. Deretter vart ho statssekretær i Finansdepartementet 2007-2009. Her hadde ho ansvar for å fylgja opp næringsdepartementa.

Henriette Westhrin har også vore vararepresentant frå Telemark i 2 periodar: 1993-1997 og 2001-2005.[4]

KjelderEndra

FotnotarEndra