Herman Scheel
Herman Carsten Johannes Scheel (19. januar 1859–29. september 1956) var ein norsk jurist, høgsterettsjustitiarius 1920-1929, og justisminister 1910–1912.[1][2]
Herman Scheel | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 18. januar 1859 Hamar kommune |
Død |
29. september 1956 (97 år) |
Yrke | dommar, politikar |
Tittel | Norsk justisminister |
Periode | 1910-1912 |
Føregangar | Johan Castberg |
Etterfylgjar | Fredrik Stang |
Tittel | Høgsterettsjustitiarius |
Periode | 1920-1929 |
Føregangar | Karenus Kristofer Thinn |
Etterfylgjar | Paal Berg |
Politisk parti | Høgre |
Medlem av | Regjeringa Konow |
Far | Johan Christian Ræder Scheel |
Liv
endreScheel var fødd på Hamar. Han blei student i 1876 og cand. jur. i 1881. Etter studieopphald i Berlin og London blei han i 1887 universitetsstipendiat og dosent i rettsvitskap ved universitetet i Kristiania. I 1892 blei han dr. jur., og 1893–1898 var han konstituert som professor medan professor Francis Hagerup var statsråd. 1898–1910 og frå 1912 var han høgsterettsassessor. Han var statsråd og sjef for justisdepartementet (justisminister) i Wollert Konow si regjering frå 1. februar 1910 til 15. februar 1912, for Høgre. Frå 1912 var han dommar i Høgsterett, og frå 1920-1929 Høgsterettsjustitiarius.
Han var gift med Sara Leonore Sandberg og hadde fem born.
Scheel blei utnemnd til kommandør med stjerne av St. Olavs Orden. Han blei også tildelt storkross av Italias kroneorden.[3]
Bibliografi
endre- Om egtefællers formuesforhold (1892)
- Forelesninger over norsk tingsræt (1901, 1905)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Herman Scheel» frå Wikipedia på bokmål, den 4. oktober 2010, som oppgav:
- Illustreret norsk konversationsleksikon, bd. VI. Aschehoug, 1913
Fotnotar
endre- ↑ Herman Scheel i Store norske leksikon.
- ↑ Scheel, Herman i Merkantilt biografisk leksikon.
- ↑ Verdens Gang, 1. oktober 1956.