Hertugdømet Mantova

Hertugdømet Mantova var eit hertugdøme i Lombardia i Nord-Italia, og ein del av Det tysk-romerske riket.

Ducato di Mantova
Ducatus Mantuæ
Hertugdømet Mantova
Statar i Det tysk-romerske riket

1433–1797
Flagg Våpen
Flagg Våpen
Plasseringa til Mantova
Plasseringa til Mantova
Nord-Italia i 1796; Hertugdømet Mantova er til høgre for midten, i oransje fargar, som ein del av Hertugdømet Milano.
Hovudstad Mantova
Språk lombardisk - italiensk
Religion Romersk-katolsk
Styreform Hertugdøme
Hertug
 - frå 1273 Pinamonte Bonacolsi (første folkekaptein)
 - 1328–60 Luis av Gonzaga (Herrekaptein)
 - 1407–44 Gianfrancesco av Gonzaga (første marki)
 - 1519–40 Fredrik II av Gonzaga (første hertug)
 - 1665–1708 Ferdinand Karl av Nevers (siste hertug)
Historisk periode Tidleg moderne tid
 - Gonzaga oppstår 16. august 1328
 - Keisarleg diplom frå Sigismund av Böhmen 22. september 1433
 - Karl V hever markgrevskapet til hertugdøme 8. april 1530
 - Gonzaga-Nevers tar over trona 25. desember 1627
 - Arvefølgjekrig 1628–1631
 - Austerriksk styre 1708–1797
 - Campo Formio-traktaten 17. oktober 1797
Valuta Mantovansk solidus, lire og andre

Området vart erobra av Pinamonte Bonacolsi under Investiturstriden i 1273. I 1328 overtok Huset Gonzaga makta i området etter eit opprør, og i 1407 kjøpte Gianfrancesco I av Gonzaga marki-tittelen av keisar Sigismund. Den første hertugen var Federico II av Gonazaga, som fekk tittelen av keisar Karl V. I 1627 døydde den eldre Gonzaga-linja ut med den vonde og svake Vincent II, og den yngre franske linja av familien, Huset Gonzaga-Nevers, tok over. Den mantovanske arvefølgjekrigen braut ut og i 1630 kringsette ein arme frå Det tysk-romerske riket byen, og førte med seg pest. Mantova kom seg aldri heilt etter denne katastrofen.

Hertug Ferdinand Karl var ein uskikka leiar, og allierte seg med Frankrike i den spanske arvefølgjekrigen. Då franskmennene tapte krigen, vart Ferdinand Karl avsett av keisar Josef I, og søkte tilflukt i Venezia. Då han døydde i 1708 tapte familien Mantova for alltid til habsburgarane i Austerrike. Områda i Montferrat vart avstått til hertugen av Savoie, og keisaren kompenserte hertugen av Lorraine, arvingen til den kvinnelege linja i Gonzaga-familien, for tapet av Montferrat med å gje han Hertugdømet Teschen.

Mantova vart ei kort stund slått saman med hertugdømet Milano av eit edikt frå keisar Josef II, men seinare gjenoppretta med ein eigen administrasjon av keisar Leopold II den 24. januar 1791. Mantova vart kringsett av den franske armeen til Napoleon, og fall i 1797. Med Campo Formio-traktaten vart Mantova annektert i Den cisalpinske republikken som departementet Mincio.

Kjelder endre