Herzlfjellet
Herzlfjellet (hebraisk הר הרצל), òg Har HaZikaron (hebraisk הר הזכרון, tyder «Minnefjellet»), er eit fjell der nasjonalgravplassen til Israel og andre minnesmerke ligg, på vestsida av Jerusalem ved sidan av Jerusalemskogen. Han er kalla opp etter Theodor Herzl, som grunnla den moderne politiske sionismen. Herzl si grav ligg øvst på åsen. Yad Vashem, som er eit minnesmerke til Holocaust, ligg vest Herzl. Israelarar falne i krig vert òg gravlagd der. Herzlfjellet ligg 834 meter over havet.
Herzlfjellet | |||
הַר הרצל Har Herzl | |||
fjell | |||
Herzlfjellet
| |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Jerusalem distrikt | ||
Fjellkjede | Judeafjella | ||
By | Jerusalem | ||
Topp | 1 Herzl Boulevard Jerusalem | ||
• høgd | 834 moh. | ||
- koordinatar | 31°46′26″N 35°10′50″E / 31.77389°N 35.18056°E | ||
Herzlfjellet 31°46′27″N 35°10′50″E / 31.774117°N 35.180567°E | |||
Kart som viser Herzlfjellet.
| |||
Wikimedia Commons: Mount Herzl |
Historie
endreHerzlfjellet har vore nasjonalgravplassen til Israel sidan 1951. Fire israelske statsministrar ligg gravlagd her: Levi Eshkol, Golda Meir, Yitzhak Shamir og Yitzhak Rabin (som er gravlagd ved sidan av kona Leah). Israelske presidentar er òg gravlagde på Herzlfjellet, og det same er andre jødiske og sionist-leiarar. Mange minnesmarkeringar og nasjonale feiringar vert haldne på Herzlfjellet.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Mount Herzl» frå Wikipedia på engelsk, den 4. oktober 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
endre- Herzlfjellet museum Arkivert 2012-03-04 ved Wayback Machine.
- Herzlfjellet på WikiMapia
- Finn ei grav på Herzlfjellet