Hettemåse
Hettemåse | |
![]() Hettemåse i vinterdrakt, utan svart hette. | |
Utbreiing og status | |
Status i Noreg: ![]() ![]() Utbreiinga av Hettemåse | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes |
Familie: | Måsar Laridae |
Slekt: | Chroicocephalus |
Art: | Hettemåse C. ridibundus |
Vitskapleg namn | |
Chroicocephalus ridibundus |
Hettemåse, Chroicocephalus ridibundus, (tidlegare Larus ridibundus) er i frå måsefamilien. Hettemåsen vert ogso kalla for lattermåse.
KjenneteiknEndra
Dei vaksne fuglane har grå overside, medan resten av kroppen er kvit. Beina er raude og med symjeføter. Nebbet er ogso raud og saman med den kvite stripa i framkant av vengja, er det karakteristisk for hettemåsen. Dei har store spisse venger og flyt lett. Kjønna er like. Ungfugl har ein meir brunspetta fjørdrakt. Hettemåsen er 36 cm lang og har vekt på om lag 0,3 kg. I sommardrakta har hettemåsen si karakteristiske svarte hette.
UtbreiingEndra
Hettemåsen har ein aukande bestand i Nord-Noreg og eksisterer no i kyststrøk heilt nord til Varangerfjorden. Hovuddelen er likevel i Sør-Noreg rundt Oslofjorden, der bestanden i tida 1987-2007 har gått ned og mange koloniar har forsvunne. Bestanden har også gått ned i Danmark, Sverige, Finland, Polen, Tyskland og Nederland. Medan hettemåsen er rekna som livskraftig på verdsbasis, er han rekna som nær truga i norsk samanheng.[1]
Hettemåsen hekkar i koloniar ved vatn (både fersk- og saltvatn). Arten er jaktbar.
GalleriEndra
Hettemåse i vinterdrakt i Ystad.
KjelderEndra
- ↑ Rødlistedatabasten (vitja 19. juli 2010)