Hildegunn Fossen Mikkelsplass

(Omdirigert frå Hildegunn Fossen)

Hildegunn Fossen Mikkelsplass (fødd 16. april 1969) er ein norsk tidlegare skiskyttar frå Sigdal. I tida 1991-98 var ho med å vinne to sølvmedaljar og like mange bronsemedaljar i lagtevlingar og 4 x 7,5 km stafett i ulike VM i skiskyting. Ho er gift med langrennaren Eilif K. Mikkelsplass, bror til Pål Gunnar Mikkelsplass, og busett i Nesbyen.

Hildegunn Fossen Mikkelsplass
Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. april 1969 (55 år)
Sigdal
Idrett skiskyting
Tok del i

Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1994

Aktiv endre

Saman med Synnøve Thoresen, Signe Trosten og Unni Kristiansen tok Fossen VM-bronsen i 15 km lagtevling under VM i skiskyting 1991 i Lahti. Tre år seinare tok ho og lagkameratane eit steg over til sølvplass på pallen, då same øvinga vart avvikla med ein separat verdsmeisterskap i Canmore i mars 1994.

Den 10. desember 1994 vann Fossen i Bad Gastein sin einaste siger i verdscupen i skiskyting, ei sprinttevling. Under VM i skiskyting 1995 gjekk ho den andre etappen for det norske laget som hamna på bronseplass i 4 x 7,5 km stafett, dei hine kvinnene var Ann Elen Skjelbreid, Annette Sikveland og Gunn Margit Andreassen. Året etter vart ho nummer seks i 5 km sprint under verdsmeisteskapen i Ruhpolding, hennar beste individuelle prestasjon i eit VM eller OL. På tampen av 1998-sesongen sikra ho seg si fjerde VM-medalje då den norske kvartetten kom på tredjeplass i lagtevlinga under VM i Hochfilzen. Ho la deretter opp.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar.