Himalayaskjeggfugl
Himalayaskjeggfugl (Psilopogon virens) er ein asiaskjeggfugl som høyrer heime på det indiske subkontinentet og i Søraust-Asia, der han lever i skogshabitet i opp til 3000 meters høgde.
Himalayaskjeggfugl | |
Himalayaskjeggfugl | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Spettefuglar Piciformes |
Familie: | Asiaskjeggfuglfamilien Megalaimidae |
Underfamilie: | Megalaiminae |
Slekt: | Psilopogon |
Art: | Himalayaskjeggfugl P. virens |
Vitskapleg namn | |
Psilopogon virens |
Himalayaskjeggfuglen er medlem av asiaskjeggfuglfamilien, som er ei systergruppe av alle andre skjeggfuglar i Afrika og i «den nye verda», og av tukanar, alt innanfor den biologiske ordenen spettefuglar.[1]
Skildring
endreHimalayaskjeggfugl har blått hovud, stort gult nebb, brun og grønnstripet kroppsider og buk; raud undergump. Øvre rygg har ei djup brunferge, elles er fjørdrakta i stor grad i klår grønfarge. Dette er den største skjeggfuglarten med ei kroppslengd på 32–35 cm og ei vekt på 192–295 gram.[2]
Himalayaskjeggfuglar hekkar i dei lågare til middels høgder av Himalaya, som strekkjer seg over Nord-India, Nepal og Bhutan, Bangladesh; og dessutan i delar av Søraust-Asia, så langt sør som norvestlege Thailand, nordlege Laos og Vietnam.[3] Arten er utbreidd i store delar av sørlege og sentrale Kina, så langt aust som Hong Kong and Zhejiang.[2]
Hekkesesongen strekker seg frå april til juli. Dei byggjer vanlegvis reir i eit holt tre. Både hannar og hoer tek seg av ungane. Kosthaldet består hovudsakleg av frukt og insekt.[2]
Frå 2001 har Verdas naturvernunion, IUCN, kategorisert arten som livskraftig, LC, grunna det vide utbreiingsområdet.[3]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Great barbet» frå Wikipedia på engelsk, den 26. november 2023
- Referansar
- ↑ Ericson, P. G. P. (2012). «Evolution of terrestrial birds in three continents: biogeography and parallel radiations». Journal of Biogeography 39 (5): 813–824. doi:10.1111/j.1365-2699.2011.02650.x.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Krishnan, A. (2023). Great Barbet (Psilopogon virens), version 2.0. In Birds of the World (N. D. Sly, Editor). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.grebar1.02
- ↑ 3,0 3,1 BirdLife International (2018). «Psilopogon virens». IUCN Red List of Threatened Species 2018: e.T22681591A130043742. doi:10.2305/IUCN.UK.2018-2.RLTS.T22681591A130043742.en. Henta 26. november 2023.