Hisyah (arabisk حسياء, òg skrive Hasya, Hasiyah, Hesa eller Hessia) er ein by sentralt i Syria i Homs guvernement, kring 35 kilometer sør for Homs. Han ligg ved Motorveg 5 mellom Homs og Damaskus, og av stader i nærleiken finn ein al-Qusayr og Rableh i nordvest, Shamsin og Jandar i nord, Dardaghan i nordaust, Sadad i søraust og Bureij i sør. I følgje Statistisk sentralbyrå i Syria (CBS), hadde Hisyah eit folketal på 5 425 i 2004.[1] Innbyggjarane er hovudsakleg sunnimuslimar og katolikkar.[2]

Hisyah
حسياء
by
Land  Syria
Guvernement Homs
Distrikt Homs
Nahiyah Hisyah
Koordinatar 34°24′39″N 36°45′31″E / 34.41083°N 36.75861°E / 34.41083; 36.75861
Folketal 5 435  (2004)
Kart
Hisyah
34°24′39″N 36°45′31″E / 34.41083333°N 36.75861111°E / 34.41083333; 36.75861111
Wikimedia Commons: Hisyah

Historie endre

Antikken endre

I den nyassyriske perioden i Syria (800-talet fvt. – 600-talet fvt.), tente Hisyah som ein poststasjon kjend som «Hesa» langs vegen til Damaskus. Under regjeringstida til Tiglath-Pileser III hadde han først ein full kohorte av soldatar. På grunn av det låge folketalet i området kring Hesa, vart kohorten sidan flytta ut og erstatta av 30 assyriske hushaldningar. Landsbyen vart styrt av to lågare militære.[3]

Den osmanske tida endre

Under Det osmanske riket i Syria, særleg på 1700-talet, vart Hisyah ein festningsby med garnison leia av ein agha. Garnisonen tente som den dominerande militære fraksjonen i Homs-distriktet og kommandørane tente ofte som guvernørar i distriktet.[4] Byen låg langs det som vart kalla «Sultanvegen» som etter kvart førte til Istanbul, setet til sultanatet. Den isolerte plasseringa til Hisyah ved utkanten av Den syriske ørkenen gjorde han særs sårbar for beduinåtak, men han tente òg som ein stad der styresmaktene kune forhandle med beduinstammer og der militære felttog mot beduinane vart starta. Hisyah vart òg nytta til å kontrollere handelen med kveite og bygg, og korn vart samla og lagra i mølleri her.[4]

Området var prega av mange fråflytta landsbyar og Hisyah sjølv vart skildra som «ein ynkeleg stad» av Pocock som reiste i regionen i 1730-åra. Pocock nemnte òg at byen hadde eit guvernørhus, ein moské, ein khankaravansarai») med tre hus i murane kring denne og nokre få andre hus bygd rundt han. I følgje den osmanske historieeksperten Dick Douwes var innbyggjarane truleg familiane til guvernærane i byen og janitsjarane som bemanna festninga. I lag med den allierte garnisonen i Ma'arat al-Numan, spelte Hisyah ei viktig rolle i å halde fred i regionen mellom Damaskus og Aleppo. Ma'arra støtta Hisyah i kampane mot Mawali-stammene nord i Syria. I 1717 støtta kavaleriet frå Hisyah byen Hama under eit beduinåtak.[4] Den arabiske Isma'il Agha al-Azm var sjef for garnisonen på den tida og tente òg som guvernør i Hama og Homs.[5]

Midt på 1800-talet skreiv turisten Josias Leslie Porter at Hisyah hadde bymurar og ein khan. Ein agha og 150 nominelle kavaleristar vart stasjonerte der for å verne regionen mot beduinar,[6] hovudsakleg beduinar som høyrte til Anizzah-folket.[7] Nokre år tidlegare vart den aghaen og 18 av soldatane hans drepne i eit bakhaldsåtak av den lokale Walid Ali-stamma.[6] Landsbyen var hovudsakleg busett av kristne.[7]

Moderne tid endre

Suweidan-familien dominerte Hisyah under det franske mandatet.[8]

I dag ligg ein av få syriske trafikkpolitistasjonar i området mellom Homs og Damaskus i Hisyah.[3] Han er ein industriby, med eit samla areal på 2 500 hektar vart bygd i byen av den syriske regjeringa i 2001.[9]

Kjelder endre

  1. Folketeljing 2004 Arkivert 2012-12-09 ved Archive.is. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Homs guvernement. (arabisk)
  2. Smith, 1841, s. 173.
  3. 3,0 3,1 Weippert, 2002, s. 138-139.
  4. 4,0 4,1 4,2 Douwes, 2000, s. 46.
  5. Douwes, 2000, s. 47.
  6. 6,0 6,1 Porter, 1858, s. 550.
  7. 7,0 7,1 Baedeker, 1876, s. 556.
  8. Atassi, Basel. Wasfi al-Atassi: Author of the First Constitution in arabisk History. Atassi Family Official Website.
  9. Hasya: Industrial City Arkivert 2014-03-13 ved Wayback Machine.. syrisk Investment Agency. 2010.