Snillfjord kommune

tidlegare kommune i Trøndelag

Snillfjord er ein tidlegare norsk kommune i Trøndelag fylke. Han grensa til Agdenes i nordaust, Orkdal i søraust, Hemne i sørvest og over fjorden i nord til Hitra. Administrasjonssenteret var Krokstadøra.

Snillfjord kommune
kommune
Vennastranda.jpg
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Trøndelag
Adm.senter Krokstadøra
Areal 508 km²
 - land 490 km²
 - vatn 18 km²
Målform nøytral
Ordførar John Lernes (Ap)
Kommunenr. 5012

Snillfjord
63°25′29″ N 9°26′5″ E
NO 5012 Snillfjord.svg
Wikimedia Commons: Snillfjord
Nettstad: www.snillfjord.kommune.no

1. januar 2020 vart Snillfjord delt opp og overført til andre kommunar. Norddelen rundt Sunde vart slegen saman med Hitra til nye Hitra kommune, området rundt Ytre Snillfjord (Vennastranda) vart slege saman med Hemne og Halsa på Nordmøre til Heim kommune, medan området rundt Krokstadøra vart slege saman med Orkdal, Agdenes og Meldal til nye Orkland kommune.

KommunevåpenEndra

Kommunevåpenet til Snillfjords var eit sølvgreip på grønn botn som viste til handverks-, sjø- og jordbrukstradisjonar. Bakgrunnen for dette valet var at greipet i tidlegare tider vart brukt både i tradisjonelt jordbruk og til høsting av tang og tare. Greip vart i eldre tider tilverka av trevirke.

Kommunevåpenet vart utforma etter ein idékonkurranse vunnen av Jim Bye frå Hallset ved Trondheim. Kommunevåpenet vart utarbeidd etter heraldiske kriterium av lektor Einar H. Skjervold frå Trondheim. Det vart godkjend i kommunestyret i 1990, vidare i Kommunaldepartementet 17. september 1990, og endeleg bekrefta av Fylkesmannen i Sør-Trøndelag i skriv av 19. september 1990.

Kjende snillfjordingarEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Snillfjord kommune
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.