Opna hovudmenyen

Sidor på Nynorsk Wikipedia som ligg under Hn er skrivne på høgnorsk.
Denne sida skal finnast òg på gjeldande nynorsk rettskriving — sjå «Gresk språk».

Græsk er ei eigi grein av indoeuropeiske mål.

MålsogaEndra

  • Bronsealder - 1100 f.Kr.
  • Jarnalder 1100 f.Kr. - 700 f.Kr.
  • Antikken 700 f.Kr. - 600 e.Kr.
    • Arkaisk 700 f.Kr. - 480 f.Kr.
    • Klassisk 480 f.Kr. - 333 f.Kr.
    • Etterklassisk 333 f.Kr. - 600 e.Kr.
  • Bysantinsk tid 600 e.Kr. - 1453 e.Kr.
  • Nygræsk

Græsk fyre antikkenEndra

Dei mykenske grækarane var dei fyrste græsktalande som kom til det græske fastlandet, kring 2000 f.Kr. Dei breidde seg sidan til øyane umkring og vestkysten av Millom-Asia. Dei ulike fyrrgræske måli er med ei samnemning kalla egeisk. Mange ord er lånte inn i græsk frå egeisk, som ein enno sér i stadnamn (Korinthos, Athenê o.a.).

Den mykenske græsken (sein bronsealder) er den eldste græsken som me hev skriftlege kjeldor frå. Vitnemål hev me berre i brotstykke, etter innskrifter på leirtavlor frå utgravingar i Knossos på Kreta og i Pylos på Peloponnes. Dei er skrivne med stavingsskrift, kalla linear B. Dei er tidfeste til kring 1200 f.Kr. Kring 1100 f.Kr. kom store umskifte i Grækland. I 1150 f. Kr. vart den sidste mykenske borgi øydelagd. Sidan fylgde utvandringar og nedgangstid, kalla dei myrke århundradi (1150 - 750 f.Kr.), som er utan skriftlege kjeldor.

EtterklassiskEndra

Den hellenistiske tidi (333-31 f. Kr.) varar frå makedonaren Aleksander den stores styring (ikkje faren Filip?) og fram til den fyrste romerske keisaren, Augustus (31 f. Kr. - 14. e. Kr). Aleksander den store skapa eit græskt storrike frå Grækland til Afghanistan. Då Aleksander døydde, fall riket saman og klauv seg i ulike kongedøme der græsk vart styringsmålet. Med seg til dei nye busetjingane hadde grækarane sitt livevis og mål. Græskt vart eit verdsmål. På 300-talet voks eit einskaplegt græskt mål fram som var bygt på det attiske målføret, men med nokre attiske serdrag utskifte. Dette vart kalla koiné (ἡ κοινὴ διάλεκτος), og er m.a. det som nytestamentet vart skrive på. Ei fylgja var at dei andre græske målføri måtte vika i skrift og tala, um ein sér burt frå dei litterære kunstmåli.

Keisartidi (31 f. Kr.-600 e. Kr.). I tidi 200-167 f. Kr. hadde romarane lagt under seg det meste av den kjende verdi, og etter sjøslaget ved Actium i 31 f. Kr.Octavianus (sidan Augustus) slær Antonius og Kleopatra, var det eit endemål for romersk framtrengjing i aust. I 30 f. Kr. legg Roma under seg Egypt, og Antonius og Kleopatra tek livi sine. Endå dei græske umrådi kom under romersk styring, heldt græsk fram med å vera styringsmålet i den austlege lùten av det romerske riket.

Dei græske målføriEndra

hev desse hovudgreinene:

  • Jonisk
  • Aiolisk
  • Arkadokypriotisk
  • Vestgræsk

Joniske målføre (attisk og aust-jonisk).

Aioliske målføre.

Arkadokypriotiske målføre.

Vestgræske målføre (dorisk og nordvestgræsk).

Kunstmål:

SkriftteiknEndra

Det græske alfabetet voks fram i Grækland millom 750 og 700 f.Kr. etter fønikiske mønster og klauv seg snart i ulike utgåvor. Det fønikiske alfabetet hadde ikkje bokstavar for sjølvljod, utan 22 bokstavar for medljod. Dei fønikiske bokstavane som stod for laryngalar og halvsjølvljod, ljodverde som ikkje fanst i græsk, vart difor nytta til bokstavar for sjølvljod; og vart med det ein høveleg reidskap for eit ikkje-semittiskt mål som græsk.

Fyre 500-talet f.Kr. hadde ein tvo hovudgreiner av alfabetet - det joniske i aust og det khaldeiske i vest. Etter kvart tok det joniske derimot heilt yver, og i 403 e.Kr. vart dette offisielt uppteke i Aten. Det joniske alfabetet hadde 17 teikn for medljod og 7 for sjølvljod, slik det er i nygræsk: ΑΒΓΔΕΖΗΘΙΚΛΜΝΞΟΠΡΣΤΥΦΧΨΩ.

Andre teikn: ϝ (digamma - wau), ϙ (koppa - 90), ├ (h), ϡ (sampi - 900), ϛ (stigma - 6) ...

Frå det khaldeiske alfabetet fekk etruskarane sitt alfabet, som det latinske er bygt på.

  Wikipediagresk