Hn/Ludvig Jerdal

Sidor som ligg under «Hn» er skrivne på høgnorsk. Denne finst òg i gjeldande rettskriving — sjå «Ludvig Jerdal».

Ludvig Jerdal (april 19084. november 2003) var ein norsk bladmann, rìtstjore og målmann. Jerdal var fødd i Kvinesdal, men lìvde storparten av livet i Bjørgvin.

Jerdal var i 33 år bladmann i Dagen. Fyrr andre verdskrigen var han bladmann i Gula Tidend, og han var eitt år rìtstjore i Norsk Tidend.

Jerdal var mest kjend fyr å vera ein strid talsmann fyr konservativ nynorsk.

Jerdal hadde ei rad organisasjonsverv, m.a. som leidar i 9 år fyr Bondeungdomslaget i Bergen, 9 år i Landslaget for spelemenn (1952–1961), 15 år i Vestlandske Mållag, 26 år i Norsk Bladmannalag og 40 år i Vestmannalaget. Jerdal var heiderslagsmedlem i Landslaget for spelemenn og frå Island fekk han Falkeordenen, «Hin Íslenska Fálkaorða».

Jerdal var med i motstandsarbeid under andre verdskrigen, og sat tri og eit halvt år i tyskt tukthus, etter at Kristian Stein-organisasjonen vart lagd i dagen i oktober 1941.