Sidor som ligg under «Hn» er skrivne på høgnorsk. Denne finst òg i gjeldande rettskriving — sjå «Yme».
Sjå òg saturnmånen Yme

Yme (uttala [²ʏːmə]) var frumjøtulen i den norrøne gudelæra. Frå han ættar alle jøtlane, og av likamen hans vart jordi gjord av åsom Oden, Vilje og Ve etter dei dråpo honom.

Dråpet på Yme av Lorenz Frølich.

Jøtulen vart til i Ginnungagapet då eld frå Muspelheim og is frå Nivlheim møttest. Han livde på mjølk frå Audhumbla. Jøtlane vorto til frå sveiten frå armholom og skrevet hans.

Oden og brørne hans dråpo Yme for å standsa straumen av jøtlar; flestalle av desse drukna då òg i blodet hans. Sjølve riselikamen vart til jordi, blodet vart til sjoar og hav, beini til fjell, og tennene og beinbitar til sand og steinar, håret hans til skogar og åmor frå kjøtet hans vorto dvergar. Skallen åt Yme vart sett yver Ginnungagapet og vart til himmelen, halden uppe av dei fjore dvergom Austre, Vestre, Sudre og Nordre. Heilen hans kasta Oden til vinden der han vart til skyer.

Namnet endre

Namnet Yme kjem frå gamalnorsk Ymir, der det er ija-stomn, d.e. dei hannkynsordi som enda på -ir i nominativ og hava bøygjing lik sterkt hannkyn. Denne klassa av hannkynsord vart seinare jamna ut med lint hannkyn og gav dei moderne formene utan -r. Andre namn var t.d. Mjølne av Mjǫllnir. Den frumgermanske formi av Yme var *jumjaz og hev kann henda samanhang med segnordet ymja.

I den yngre Edda er Yme kalla Aurgjelme av Snorre. Andre namn på honom er Ym og Blåin.

Saturnmånen Yme, Ymefeltet i Nordsjoen og Ymerbukta i IsfjordenSvalbard er namngjevne etter frumjøtulen.