Holiday av America
Holiday Studioalbum av America | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 26. juni 1974 | |
Innspelt | AIR Studios, London | |
Studio | 17. april til 7. mai 1974 | |
Sjanger | ||
Lengd | 33:21 | |
Selskap | Warner Bros. 2808 | |
Produsent | George Martin | |
America-kronologi | ||
---|---|---|
Hat Trick (1973) |
Holiday | Hearts (1975)
|
Singlar frå Holiday | ||
|
Holiday er det fjerde studioalbumet til det amerikanske folkrockbandet America, utgjeve på Warner Bros. Records i juni 1974. Albumet vart produsert i London av den mangeårige Beatles-produsenten George Martin, det første av sju album på rad han produserte for America.
Albumet vart ein stor hit i USA, og nådde tredjeplassen på Billboard-lista og vart gullsertifisert av RIAA. Det produserte to hitsinglar: «Tin Man» nådde fjerdeplassen på Billboard-lista og gjekk til topps på adult contemporary-lista; og «Lonely People» som nådde femteplassen på Billboard-lista og som òg gjekk til topps på adult contemporary-lista. Fleire andre songar fekk radiospeling på FM-stasjonar som spelte albumspor, inkludert «Baby It's Up To You» og «Another Try».
Albumet vart òg gitt ut på kvadrofonisk lydband for 4-kanalsentusiastar.
Historie
endreBandmedlem Dewey Bunnell var begeistra over høvet til å jobba med Martin som produsent. Han vart sitert på at det «var flott å jobba med George. Det var som om me kjende kvarandre. Me var kjende med Beatles, sjølvsagt, og me hadde den britiske sansen for humor.»[1] I eit eige intervju hugsa Dan Peek til magasinet Circus: «Gerry (Beckley) hadde vore i England, og me hadde snakka om å bruka George Martin som produsent. Han er ein fantastisk arrangør, når eg tenkjer på alt han har gjort. Det var fleire andre folk me ønskte å bruka, men den ideen dukka opp og George var tilgjengeleg.»[2]
Det var innspelingsdebuten til den mangeårige trommeslagaren til America, Willie Leacox, som sit i bilen på biletet på plateomslaget.
Mottaking
endreMeldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [3] |
The Rolling Stone Album Guide | [4] |
I Allmusic-melding si noterte musikkritikaren Mike DeGagne effekten av produksjonen til George Martin på albumet så vel som tilbakekomsten frå fiaskoen med Hat Trick, og skreiv «dette albumet slo samla sett fast at gruppa definitivt viste det sanne potensialet sitt igjen.»[3]
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Miniature» | Gerry Beckley | 1:12 |
2. | «Tin Man» | Dewey Bunnell | 3:27 |
3. | «Another Try» | Beckley | 3:16 |
4. | «Lonely People» | Dan Peek, Catherine Peek | 2:27 |
5. | «Glad to See You» | D. Peek | 3:42 |
6. | «Mad Dog» | Beckley | 2:39 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
7. | «Hollywood» | Bunnell | 2:49 |
8. | «Baby It's Up to You» | Beckley | 2:24 |
9. | «You» | D. Peek | 2:25 |
10. | «Old Man Took» | Bunnell | 3:10 |
11. | «What Does It Matter» | Beckley | 2:18 |
12. | «In the Country» | D. Peek | 2:58 |
Medverkande
endre- America
- Dewey Bunnell - vokal, gitar
- Gerry Beckley - vokal, gitar, klaverinstrument, bass
- Dan Peek - vokal, bass, gitar, klaverinstrument
med:
- Willie Leacox - trommer, perkusjon
- Teknisk
- George Martin - produsent, arrangør, klaverinstrument
- Geoff Emerick - lydteknikar
- Peter Henderson - lydbandoperatør
- Gary Burden - kunstnarisk leiar
Salslister
endreListe (1974) | Plassering |
---|---|
Australske album (Kent Music Report)[5] | 25 |
Canada Top Albums/CDs (RPM)[6] | 3 |
US Billboard 200[7] | 3 |
Salstrofé
endreRegion | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Storbritannia (BPI)[8] | Sølv | 60 000^ |
USA (RIAA)[9] | Gull | 500 000^ |
^salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Holiday (America album)» frå Wikipedia på engelsk, den 18. april 2023.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Hyatt, Wesley (1999). The Billboard Book of #1 Adult Contemporary Hits (Billboard Publications), side 147.
- ↑ Lonely People Songfacts
- ↑ 3,0 3,1 DeGagne, Mike. «Holiday > Review». Allmusic. Henta 17. april 2023.
- ↑ Cross, Charles R. (2004). «America». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 16. ISBN 0-7432-0169-8.
- ↑ Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6.
- ↑ "Top RPM Albums: Nummer 3886a". RPM. Library and Archives Canada.
- ↑ "America Album & Song Chart History" Billboard 200 for America. Prometheus Global Media.
- ↑ «British album salstrofé – America – Holiday». British Phonographic Industry. Enter Holiday in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
- ↑ «American album salstrofé – America – Holiday». Recording Industry Association of America. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH