Hope av Stefan Airapetjan
«Hope» Song av Stefan Airapetjan | ||
Land | Estland | |
Språk | Engelsk | |
Utgjeve | 4. desember 2021 | |
Sjanger | Country og western, country-pop[1][2] | |
Lengd | 03:04 | |
Selskap | Moonwalk Records | |
Låtskrivar(ar) | Stefan Airapetjan, Karl-Ander Reismann |
---|
«Hope» (norsk omsetjing 'håp') er ein estisk countryballade frå 2022 som vert framført av songaren Stefan Airapetjan. Songen vart det estiske bidraget til Eurovision Song Contest 2022, etter at han vann den estiske finalen Eesti Laul 12. februar 2022 [3] Airapetjan skreiv songen saman med Karl-Ander Reismann.[4]
Om songen
endre«Hope» er ein country-inspirert popballade med trekk til musikken brukt i Western-filmer frå 1950-åra. Musikkvideoen vart spela inn i Tabernasørkenen i Almería i Spania.[5]
Songen var eit av bidraga til den estiske songtevlinga Eesti Laul, der vinnaren får representere Estland i Eurovision Song Contest. «Hope» deltok i den tredje kvartfinalen av Eesti Laul i desember 2021.[6] Der kvalifiserte songen seg til finalen 12. februar 2022, som han til slutt vann. Som vinnar vart «Hope» det estiske bidraget i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.[7] I Eurovision Song Contest deltok han i den andre semifinalen torsdag 12. mai. Der enda han på ein femteplass og kvalifiserte seg til finalen laurdag 14. mai. I finalen var Airapetjan og songen «Hope» det siste bidraget på scena og enda til slutt på ein 13. plass av 25 bidrag.[8][9]
Listeplasseringar
endreListe (2022) | Høgaste plassering |
---|---|
Estland (Radiomonitor)[10] | 1 |
Island (Plötutíðindi)[11] | 35 |
Litauen (AGATA)[12] | 28 |
Nederland (Single Tip)[13] | 20 |
Storbritannia (UK Download (OCC))[14] | 47 |
Sverige (Sverigetopplistan)[15] | 87 |
Kjelder
endre- ↑ «“The future still remains our own” – Stefan preaches of keeping the faith in the face of adversity in the “Hope” lyrics». wiwibloggs (på engelsk). 18. april 2022. Henta 19. mai 2022.
- ↑ «Le pagelle della seconda semifinale dell'Eurovision». agi (på italiensk). 12. mai 2022. Henta 19. mai 2022.
- ↑ ERR, ERR | (12. februar 2022). «Stefan to represent Estonia at Eurovision Song Contest 2022». ERR (på engelsk). Henta 20. februar 2022.
- ↑ «Estonia: Stefan wins Eesti Laul 2022 with "Hope"». wiwibloggs (på engelsk). 12. februar 2022. Henta 20. februar 2022.
- ↑ «Estonia apuesta por el western con Stefan y su 'Hope' para Eurovisión 2022». Los Replicantes (på spansk). 14. februar 2022. Henta 20. februar 2022.
- ↑ «Estonia: Elina Nechayeva and Anna Sahlene among Eesti Laul 2022 third quarter-final acts». wiwibloggs (på engelsk). 29. november 2021. Henta 20. februar 2022.
- ↑ «Estonia: Stefan wins Eesti Laul 2022 with "Hope"». wiwibloggs (på engelsk). 12. februar 2022. Henta 20. februar 2022.
- ↑ «Stefan - Estonia - Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 19. mai 2022.
- ↑ «Eurovision Song Contest 2022 Grand Final». Eurovision.tv (på engelsk). EBU. Henta 20. oktober 2022.
- ↑ «Estonia - Radio Airplay Chart - Settimana 8.2022 - dal 18/02/2022 al 24/02/2022». Radiomonitor (på italiensk). Radiomonitor. Henta 31. august 2022.
- ↑ «Tónlistinn – Lög» [The Music – Songs] (på islandsk). Plötutíðindi. Arkivert frå originalen 25 May 2022. Henta 23 September 2022.
- ↑ «2022 20-os savaitės klausomiausi (TOP 100)». Agata (på litauisk). 20. mai 2022. Henta 19. juni 2022.
- ↑ «Stefan – Dutch Charts». dutchcharts.nl. Henta 19. juni 2022.
- ↑ «Official Singles Downloads Chart Top 100 20 May 2022–26 May 2022». www.officialcharts.com (på engelsk). Official Charts Company. Henta 19. juni 2022.
- ↑ «Veckolista Singlar, vecka 20». Sverigetopplistan (på svensk). Henta 23. mai 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Hope (Stefan Airapetjan-sang)» frå Wikipedia på bokmål, den 10. desember 2022.