Hyasintara

art av papegøyefuglar
Hyasintara
Hyasintara i dyrepark Foto: Hank Gillette
Hyasintara i dyrepark
Foto: Hank Gillette
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av hyasintara
Utbreiinga av hyasintara
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Psittaciformes
Familie: Psittacidae
Slekt: Anodorhynchus
Art: Hyasintara A. hyacinthinus
Vitskapleg namn
Anodorhynchus hyacinthinus

Hyasintara (Anodorhynchus hyacinthinus) er ein ara i papegøyefamilien. Han høyrer heime i det sentrale Sør-Amerika. Dette er den største ara og den største flygande papegøyearten, berre arten kakapoNew Zealand har større kroppsvekt. Han kan forvekslast med den mindre indigoara. Habitattap og fangst av ville fuglar for dyrehandel har redusert bestanden i naturen, så arten er klassifisert som sårbar i raudlista til IUCN og han er verna av konvensjonen om internasjonal handel med trua artar av vill fauna og flora, CITES.

Nærbilete hovud, fugl i fangenskap
Foto: Jud McCranie

Skildring endre

Med ei kroppslengde målt frå nebb til halespiss på omtrent ein meter er han lengre enn nokon andre papegøyeart. Vekta er rundt 1,5 kilogram. Halen er lang og spiss. Fjørene er heilt blå, lysare på oversida. Likevel kan nakkefjørene nokon gonger synast litt grå. Ringen rundt auga til papegøyane og området rett under nebbet er ein sterkt gulfarga.

Leveområdet er både tørre savanneområde og regnskogsområde i austlege Amazonas og i våtmarksområdet Pantanal.

Størstedelen av hyasintara-dietten er palmenøtter. Dei beitar på ulike artar tilgjengelege i det aktuelle leveområdet, til dømes av slekta Mauritia. Nebbet er ekstremt tilpassa det å knuse harde nøtter for å få tilgjenge på kjernar. Dei kan jamvel ete frukt og sniglar.[1]

Hyasintaraer lever i livslange pardanningar.[2] Hekking skjer i hole tre eller i holar i fjellskrenter i nordaustre Brasil. Kulla er vanlegvis 2 egg, nokre gonger tre, rugetida er rundt fire veker og ungane er i reiret i opptil 110 dagar.[1] Dei hekkar ikkje kvart år, og predasjonen er stor slik at gjennomsnittleg ein unge overlever per kull.[3]

Storleiken på populasjonen er estimert til 6500 individ per 2003 og er trudd å vere minkande. Det er framleis trugsmål mot arten frå jakt, fangst og tap av habitat.[4]

Kjelder endre

Referansar
  1. 1,0 1,1 Collar, N., P. F. D. Boesman, and C.J. Sharpe (2020 Hyacinth Macaw (Anodorhynchus hyacinthinus) version 1.0. I: Birds of the World. (J. del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.hyamac1.01 Henta den 13. juni 2020
  2. Pinho, João Batista & Flávia M.B. Nogueira (2003). «Hyacinth macaw (Anodorhynchus hyacinthinus) reproduction in the northern Pantanal, Mato grosso, Brazil» (PDF). Ornitologia Neotropical 14: 29–38. 
  3. Faria, Patrıcia J., Neiva M. R. Guedes, Carlos Yamashita, Paulo Martuscelli, Cristina Y. Miyaki (2008). «Genetic variation and population structure of the endangered Hyacinth Macaw(Anodorhynchus hyacinthinus): implicationsfor conservation» (PDF). Biodivers Conserv 17: 765–779. 
  4. BirdLife International (2020) Species factsheet: Anodorhynchus hyacinthinus. Henta frå http://www.birdlife.org den 13. juni 2020

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Hyasintara