Papegøyefamilien

Familie av papegøyefuglar
(Omdirigert frå Psittacidae)
Papegøyefamilien
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Papegøyefuglar Psittaciformes
Overfamilie: Parakittar Psittacoidea
Familie: Papegøyefamilien Psittacidae
Illiger, 1811

Papegøyefamilien (Psittacidae) er ein av fire familiar i ordenen papegøyefuglar (Psittaciformes). Familien inkluderer totalt ca. 36 slekter og ca. 180 artar, mange av dei nemnde «parakittar» på norsk. Gruppa inkluderer alle papegøyar i Sør- og Mellom-Amerika, så vel som to jakoar i Afrika og dei 10 afrikanske papegøyane i slekta Poicephalus. Fram til rundt 2014 var også alle andre afrikanske papegøyar og papegøyane i Asia og Australia klassifiserte i denne familien. Basert på genetiske data vart papegøyane frå «den gamle verda» skilt ut frå Psittacidae og utgjer per 2023 ein eigen familie Psittaculidae, parakittfamilien.[1][2]

Skildring endre

Som andre papegøyar har dei eit sterkt, bua nebb, som ikkje berre blir brukt til å ete, men også som klatrehjelp, zygodaktyle føtter, og dei viser ofte ein slåande fargerik fjørdrakt, med grøne nyansar som dominerer hos mange artar. Dei varierer veldig i storleik, med hyasintara (Anodorhynchus hyacinthinus) på ca. 100 cm som den største arten og sporvepapegøyane (Forpus), ca. 12-13 cm er dei minste. Som alle papegøyar har dei eit komplekst sosialt system. Vokaliseringa deira er høg, ikkje-melodisk og skrikjande.[3]

 
Mange søramerikanske papegøyar et leirhaldig jord, som hjelper til med å nøytralisere giftstoff frå frukt og frø. Her er ein «leir-slikk» i Tambopata naturreservat i Madr de Dios, Peru. Her er blågularaer, raudaraer, brunpannearaer og ein melamazon

Desse fuglane lever generelt i skog, på savannar eller andre grassletter med meir eller mindre tett trebestand, dei fleste i tropane og subtropane, nokre få også i tempererte klimasoner. Dei fleste vanlege papegøyar lever av frø og frukt. Dei held den ofte harde maten fast med ein fot og opnar han med det sterke, bua nebbet.[3]

Reproduksjon endre

Medlemane i papegøyefamilien er monogame og begge foreldra tar omsut for ungane. Nesten alle i denne familien hekkar i ein eller annan type holrom, mest vanleg i eit holt tre. Viss ikkje eit tre er tilgjengeleg, kan reiret også byggjast i eit hol i bakken eller i eit holrom i ein termitthaug. Det einaste unntaket er munkeparakitt (Myiopsitta monachus), som byggjer store reir av små greiner og kvistar i tre. Eksisterande trehol blir ofte gjenbrukte, men dei fleste artar grev sjølv ut hola ved å fjerne rotnande treverk frå trestammar. Kulla består av eitt til maksimalt elleve egg, som blir ruga i 14 til 28 dagar. Ruginga startar straks det første egget er lagt, noko som betyr at det går ei viss tid mellom klekkinga av kvar unge og at dei dermed varierer i storleik. Kullstorleiken avheng av storleiken på hoa og stabiliteten til miljøet. Vanlegvis er det berre hoa som rugar, og hannen kjem med mat til henne i løpet av denne perioden. Hoa held fram med å varme ungane etter klekking og matast av hannen til dei første dunfjørene har vakse ut. Etter det vil begge foreldra mate ungane. Etter at ungfuglane er flygeferdige, er ungane til sporvepapegøyane (Forpus) omgåande fullstendig sjølvstendige, medan mange unge araer kan bli mata av foreldra i opptil eit år etter at dei har floge ut av reiret.[3]

Taksonomi endre

Sjå òg Papegøyefamilien/Kladogram.

Artsliste endre

Slekter i papegøyefamilien etter IOC World Bird List V13.1, 2023.[4] Artsnamn er etter Norske navn på verdens fugler.[5]

Underfamilie Psittacinae, Afrika
Underfamilie Arinae, «den nye verda»

Blant 177 artar er 6 kritisk truga (CR), 16 sterkt truga (EN), 27 er sårbare (VU), 21 nær truga (NT) i tillegg til brilleara (Cyanopsitta spixii) som er utrydda i vill tilstand. Somme artar rekna som kritisk truga har ikkje vore observerte seinare åra.[6][4]

Kjelder endre

Referansar
  1. Leo Joseph, Alicia Toon, Erin E. Schirtzinger, Timothy F. Wright & Richard Schodde (februar, 2012). «A revised nomenclature and classification for family-group taxa of parrots (Psittaciformes)» (PDF). Zootaxa 3205: 26–40. doi:10.11646/zootaxa.3205.1.2. Arkivert frå originalen (PDF) 11. desember 2023. Henta 12. desember 2023. 
  2. «parakittfamilien» i Store norske leksikon, snl.no.
  3. 3,0 3,1 3,2 Winkler, D. W., S. M. Billerman, og I. J. Lovette (2020). New World and African Parrots (Psittacidae), version 1.0. I Birds of the World (S. M. Billerman, B. K. Keeney, P. G. Rodewald, og T. S. Schulenberg, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.psitta3.01
  4. 4,0 4,1 Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (Januar 2023). «Parrots». IOC World Bird List Version 13.1. International Ornithologists' Union. Henta 12. desember 2023. 
  5. Norsk navnekomité for fugl (NNKF). «Norske navn på verdens fugler». Birdlife Norge. Henta 12. desember 2023. 
  6. «HBW and BirdLife Taxonomic Checklist». BirdLife Data Zone (7 utg.). BirdLife International. Desember 2022. Henta 6. juli 2023. 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Papegøyefamilien