Songen Young Americans

Young Americans
Singel av David Bowie
frå albumet Young Americans
B-side

Suffragette City

Utgjeve 21. februar 1975
Innspelt August 1974
Studio Sigma Sound, Philadelphia
Sjanger
Lengd 5:10 (album)
3:11 (singel)
Selskap RCA
Tekstforfattar David Bowie
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent Tony Visconti
David Bowie-kronologi 
«Rock 'n' Roll with Me»
(1974)
Young Americans «Fame»
(1975)


«Young Americans» er ein song av den engelske musikaren David Bowie, gjeve ut i 1975 på albumet med same namn. Songen vart gjennombrotet hans i USA, der den tidlegare glamrocken hans berre hadde avgrensa popularitet utafor dei større byane. Songen nådde 28. plassen på Billboard Hot 100, og det var den nest største suksessen hans i USA fram til då. I heimlandet nådde songen 18. plassen på UK Singles Chart.

Bowie slutta å spele songen på konsertane sine etter Sound+Vision-turneen i 1990. «Young Americans» har sidan vore med på mange samlealbum, og vart ommastra i 2016 som ein del av plateboksen Who Can I Be Now? (1974–1976).


Historie endre

«Young Americans» var det første resultatet i studio etter at Bowie vart fiksert på soul på midten av 1970-talet, og singelen vart gjennombrotet hans som artist i USA, der singelen vart redigert ned til ei lengd på like over tre minutt. Stilen, ofte seinare kalla «plastikksoul» av Bowie sjølv, var blanda med ein kynisk tekst med referansar til Mccarthyisme, svart undertrykking via Rosa Parks, Richard Nixon (som hadde trekt seg som amerikansk president to dagar før innspelinga starta), samt ei tekstlinje frå The Beatles sin «A Day in the Life», «I heard the news today oh boy!». John Lennon, som skreiv tekstlinja, var med på to andre songar på albumet, og song korvokal og gitar på sin eigen «Across The Universe» og på «Fame», som han var med å skreiv. I falsett spør Bowie: «Ain't there one damn song that can make me... break down and cry?». Arrangementet for korvokalen vart foreslått av Luther Vandross.

Produksjonsteamet The Matrix sa: Amerika er litt som ein tenåring: full av energi og fantasi, går stundom over grensa, men alltid med ei stor kjensle av mogelegheitene. Bowie fanga mykje av det i 'Young Americans'.»[3]

Utgjeving og mottaking endre

Etter å ha prøvd seg i nesten eitt tiår, vart songen den første topp 40-hitten hans i Amerika på Billboard Hot 100-lista. Men han nådde berre 18. plassen på UK Singles Chart. Dave Thompson i AllMusic kalla songen «eit stort stilbrot. Ut forsvann glam- og hardrocken frå dei seinare innspelingane hans, og inn kom 'plastikksoul'-stilen som endeleg vart gjennombrotet til songaren i Amerika.»[4]

Etter at Bowie døydde i 2016, tok Rolling Stone songen med på ei liste over 30 essensielle Bowie-songar.[5] I 2018 rangerte skribentar i NME songen på fjerdeplassen på ei liste over dei 41 beste Bowie-songane.[6]

I 2004 rangerte Rolling Stone songen på 481. plassen på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene. På ei oppdatert liste i 2010 var songen flytta ned til 486. plassen. I 2016 rangerte Pitchfork songen på 44. plassen på si liste over dei 200 beste songane i 1970-åra.[7]

Innhald endre

Alle songar av David Bowie, utanom der andre er nemnde.

Britisk utgåve endre

  1. «Young Americans» – 5:10
  2. «Suffragette City» (Live) – 3:45

Amerikansk utgåve endre

  1. «Young Americans» (singelversjon) – 3:16
  2. «Knock on Wood» (Live) (Eddie Floyd, Steve Cropper) – 3:03

Salslister endre

Liste (1975–2016) Plassering
Australsk singelliste 27
Belgia (Ultratop 40 Vallonia)[8] 36
Canada Top Singles (RPM)[9] 33
Frankrike (IFOP)[10] 51
Frankrike (SNEP)[11] 133
Irland (IRMA)[12] 13
New Zealand (RIANZ)[13] 7
UK Singles (Official Charts Company)[14] 18
US Billboard Hot 100[15] 28
US Hot Rock & Alternative Songs (Billboard)[16] 25
US Cash Box[17] 20

Medverkande endre

(berre «Young Americans» utanom Bowie og Garson)

Andre medverkande endre

Konsertversjonar endre

Eit konsertopptak av «Young Americans», spelt inn i oktober 1974 på den tredje delen av Diamond Dogs-turneen, kom ut i 2020 på I'm Only Dancing (The Soul Tour 74). Eit direkteopptak i studio av songen, filma 2. november 1974, finst på DVD-samlinga The Dick Cavett Show: Rock Icons og Best of Bowie. Eit konsertopptak frå Serious Moonlight-turneen, filma 12. september 1983, var med på konsert-DVD-en Serious Moonlight (1984) og på konsertalbumet Serious Moonlight (Live '83), som var ein del av plateboksen Loving the Alien (1983-1988) frå 2018 og kom ut separat året etter. Songen vart framført under Glass Spider-turneen i 1987 og vart gjeve ut på Glass Spider (1988/2007). «Young Americans» vart framført på Sound+Vision-turneen i 1990, og etter dette spelte aldri Bowie denne songen igjen.[18]

Andre utgjevingar endre

  • Songen finst på fleire samlealbum:
  • Songen vart gjeven ut som biletdisk på RCA Life Time-biletdisksamling.
  • Han er på lydsporet til 20 Feet From Stardom.

I andre media endre

Songen vert spelt over rullteksten til Dogville[19] og Manderlay, dei første to filmane i Lars Von Trier-triologien USA - Land of Opportunities. «Young Americans» var òg med på filmmusikken til John Hughes-filmen Sixteen Candles.[1]

Songen vart nytta i filmane Lord Of War og Down to You.

Han vart nytta i traileren til Ben Stiller-filmen Reality Bites for å vise korleis Generation X har blitt påverka av tidlegare amerikansk historie. Songen vart òg nytta i filmen Jack Reacher med Tom Cruise.

I den britiske dramaserien The Enfield Haunting frå 2015 vart songen nytta under finalen og rullesteksten i den siste episoden.


Kjelder endre

  1. Edwards, Gavin (5. juni 2014). «Flashback: David Bowie and Cher Duet on 'Young Americans'». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 2. september 2017. Henta 30. januar 2016. 
  2. Vogelman, Nee (18. januar 2016). «The 20 Greatest David Bowie Singles». Slant Magazine. Arkivert frå originalen 21. februar 2016. Henta 7. februar 2016. 
  3. Collis, Clark; et al. (October 2003). «The 1001 greatest songs to download right now!». Blender Number 20: 98. 
  4. «Young Americans - David Bowie | Song Info | AllMusic». 
  5. Rolling Stone Staff (11. januar 2016). «David Bowie: 30 Essential Songs». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 3. desember 2019. Henta 31. juli 2021. 
  6. Barker, Emily (8. januar 2018). «David Bowie's 40 greatest songs – as decided by NME and friends». NME. Arkivert frå originalen 3. november 2019. Henta 31. juli 2021. 
  7. Pitchfork Staff (22. august 2016). «The 200 Best Songs of the 1970s». Pitchfork. Arkivert frå originalen 12. september 2016. Henta 31. juli 2021. 
  8. "Ultratop.be – David Bowie – Young Americans" (på fransk). Ultratop 40. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  9. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada.
  10. «Toutes les Chansons N° 1 des Années 70» (på fransk). InfoDisc. 1. mars 1975. Arkivert frå originalen 31. desember 2019. Henta 31. juli 2021. 
  11. "Lescharts.com – David Bowie – Young Americans" (på fransk). Les classement single. Hung Medien.
  12. "The Irish Charts – Search Results – Young Americans". Irish Singles Chart.
  13. "Charts.org.nz – David Bowie – Young Americans". Top 40 Singles. Hung Medien.
  14. "Chart Stats – David Bowie – Young Americans" UK Singles Chart. Chart Stats.
  15. "Bowie?f=379&g=Singles David Bowie Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for David Bowie. Prometheus Global Media.
  16. "David Bowie Chart History (Hot Rock & Alternative Songs)". Billboard. Retrieved 31. juli 2021.
  17. «Archived copy». Arkivert frå originalen 30. mars 2018. Henta 28. februar 2017. 
  18. O'Leary, Chris (2012). «Did Bowie really retire his oldies?». Henta 31. juli 2021. 
  19. Heath, Chris (11. januar 2015). «7 David Bowie Songs to Play Over and Over Today». GQ. Arkivert frå originalen 14. januar 2016. Henta 12. januar 2015. 

Bakgrunnsstoff endre