I Can't Stand the Rain

I Can't Stand the Rain
Singel av Ann Peebles
frå albumet I Can't Stand the Rain
Språk engelsk
Utgjeve 1973
Innspelt 1973
Sjanger Soul, Memphis soul
Lengd 2:31
Selskap Hi Records
Komponist Don Bryant, Ann Peebles
Tekstforfattar Ann Peebles
Låtskrivar(ar) Ann Peebles, Don Bryant & Bernard «Bernie» Miller
Produsent Willie Mitchell
Ann Peebles-kronologi 
«I'm Gonna Tear Your Playhouse Down»
(1973)
I Can't Stand the Rain «(You Keep Me) Hanging On»
(1974)


I Can't Stand the Rain
Singel av Eruption
frå albumet Eruption
B-side

«Be Yourself»

Språk engelsk
Utgjeve 23. januar 1978
Innspelt 1977
Sjanger Disco
Lengd 3:12
Selskap Hansa Records
Komponist Don Bryant, Ann Peebles
Tekstforfattar Ann Peebles
Låtskrivar(ar) Ann Peebles, Don Bryant & Bernard «Bernie» Miller
Produsent Frank Farian, Rainer M. Ehrhardt
Eruption-kronologi 
I Can't Stand the Rain «Leave a Light»
(1978)


«I Can't Stand the Rain» er ein song opphavleg spelt inn av Ann Peebles i 1973, og skriven av Peebles, Don Bryant og Bernard «Bernie» Miller. Andre hitversjonar vart seinare spelt inn av Eruption og Tina Turner.

Ann Peebles-versjonen endre

Songen vart skriven av Peebles, partneren hennar (og seinare ektemannen) Don Bryant og DJ-en Bernard «Bernie» Miller i 1973:

Ein kveld i Memphis i 1973, møtte soulsongaren Ann Peebles nokre vener, mellom andre partneren og låtskrivaren for Hi Records Don Bryant, og dei gjekk på ein konsert. Like før dei skulle gå, opna himmelen seg og Peebles sa «I can't stand the rain» (eg fordrar ikkje regn) Som profesjonell låtskrivar som konstant trengde nye ting å skrive om, snappa Bryant opp denne setninga og likte ideen om å reagere mot nylege R&B-hitar som hadde hylla dårleg vêr, som the Dramatics sin «In the Rain» og Love Unlimited sin «Walking in the Rain (With the One I Love)». Så han sette seg ned ved pianoet og skreiv riffet i temaet, og tok så inn idear frå Peebles og den lokale DJen Bernie Miller. Songen vart ferdig same kvelden og presentert morgonen etter til Hi Records-sjefen Willie Mitchell, som brukte eit nytt instrument, elektrisk timbale, for å skape det særeigne regndrope-riffet. Det var verkeleg så lett. «Me gjekk ikkje på konserten», sa Bryant. «Me gløymde det heilt ut.»[1]

Songen vart produsert av Willie Mitchell og songen vart den største hitten til Peebles. I 1973 nådde han 38. plassen på poplista i USA og sjetteplassen på R&B/Black Chart. Han nådde òg 41. plassen på UK singles chart i april 1974. Orgelet vert spelt av Charles Hodges.[2] Det var ein av favorittsongane til John Lennon og i eit intervju i Billboard sa han ein gong «Det er den beste songen gjennom tidene.» Ian Dury valde denne songen som ein av åtte songar då han var med i BBC Radio 4-progammet Desert Island Discs.[3]

Eruption-versjonen endre

I 1978 gav Eruption ut ein disco-versjon av songen som nådde sjetteplassen på discolista[4] og vart den største hitten til bandet (18. plass på Billboard Hot 100).

Innhald endre

7" singel
  1. «I Can't Stand the Rain» – 3:12
  2. «Be Yourself» – 3:43

Lister endre

Liste (1978) Plassering
U.S. Billboard Hot 100 18
U.S. Billboard Hot R&B/Hip-Hop Songs 30
U.S. Billboard Hot Dance Club Play 6
Canada 21
UK Singles Chart 5
Irish Singles Chart 6
Tyskland 7
Austerrike 4
Sveits 8[5]
Nederlandsk Top 40 4
Belgia 1
Frankrike 5
Italia 3
Noreg 2
Sverige 22
Finland 15
New Zealand 4
Australia 1
Sør-Afrika 5

Tina Turner-versjonen endre

I Can't Stand the Rain
Singel av Tina Turner
frå albumet Private Dancer
B-side

«Let's Pretend We're Married» (live)

Språk engelsk
Utgjeve 1. mars 1985
Innspelt 1984
Sjanger poprock, new wave
Lengd 3:41
Selskap Capitol
Komponist Don Bryant, Ann Peebles
Tekstforfattar Ann Peebles
Låtskrivar(ar) Ann Peebles, Don Bryant & Bernard «Bernie» Miller
Produsent Terry Britten
Tina Turner-kronologi 
«Private Dancer»
(1985)
I Can't Stand the Rain «Show Some Respect»
(1985)


I 1984 spelte Tina Turner inn «I Can't Stand the Rain» for det femte soloalbumet hennar, Private Dancer, og han vart gjeven ut på singel tidleg i 1985 i Europa. Versjonen vart ein liten suksess i Storbritannia, men vart populær i Tyskland, Austerrike og Sveits.

Innhald endre

7" singel
  1. «I Can't Stand the Rain» – 3:40
  2. «Let's Pretend We're Married» – 4:22
12" singel
  1. «I Can't Stand the Rain» (extended version) – 5:43
  2. «Let's Pretend We're Married» (live version) – 4:22
  3. «Nutbush City Limits» (live version) – 2:56

Lister endre

Vekeslister endre

Lister (1985) Plassering
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[6] 6
Tyskland (GfK Entertainment)[7] 9
Irland (IRMA)[8] 20
Sveits (Schweizer Hitparade)[9] 15
UK Singles (Official Charts Company)[10] 57

Årslister endre

Liste (1985) Plassering
Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[11] 30

Andre versjonar endre


Kjelder endre

  1. Dorian Lynskey, «Ann Peebles: the girl with the big voice», The Guardian, 20 February 2014. Henta 30 June 2014
  2. RDTEN1 (27. juni 2010). «I Can't Stand the Rain by Ann Peebles». rateyourmusic.com. Henta 3. desember 2014. 
  3. «BBC Radio 4 - Desert Island Discs, Ian Dury». BBC. Henta 3. desember 2014. 
  4. Whitburn, Joel (2004). Hot Dance/Disco: 1974-2003. Record Research. s. 91. 
  5. Steffen Hung. «Eruption feat. Precious Wilson - I Can't Stand The Rain». hitparade.ch. Henta 17. desember 2015. 
  6. "Tina Turner – I Can't Stand the Rain – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta 22. april 2016.
  7. «Tina Turner - Top Titel» (på tysk). GfK Entertainment. Henta 22. april 2016. 
  8. "The Irish Charts – Search Results – I Cant Stand the Rain". Irish Singles Chart. Retrieved 22. april 2016.
  9. "Tina Turner – I Can't Stand the Rain – swisscharts.com". Den sveitsiske singellista. Hung Medien. Henta 22. april 2016.
  10. "Chart Stats – Tina Turner – I Can't Stand the Rain" UK Singles Chart. Chart Stats. Henta 22. april 2016.
  11. «Jahreshitparade Singles 1985» (på tysk). Hung Medien. Henta 22. april 2016. 
  12. Leggett, Steve (4. november 2008). «Soul and Blues - Willie Clayton : Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 8. august 2012. 

Bakgrunnsstoff endre