Opna hovudmenyen

Ibn Khaldun (27. mai 133219. mars 1406) var ein arabisk filosof, historikar og statsmann frå Nord-Afrika. Han er rekna som den viktigaste arabiske historikaren.

Ibn Khaldun
Abū Zayd ʕAbdu l-Rahman ibn Muħammad ibn Khaldūn al-Haḍramī, ابو زيد عبد الرحمن بن محمد بن خلدون الحضرمي
Bust of Ibn Khaldun (Casbah of Bejaia, Algeria).jpg
Fødd27. mai 1332 (juliansk)
Tunis
Død17. mars 1406 (juliansk)
Kairo
NasjonalitetHafsidene
Yrkeantropolog, historikar, dommar, sjølvbiograf, sosiolog, samfunnsøkonom, filosof, politikar
Alma materUniversity of Ez-Zitouna
Universitetet ved al-Karaouine

Ibn Khaldun sitt verk er grunnlaget for mykje av det som er kjend om arabisk og berbisk historie frå rundt 800 til 1300, og stod bak nye tenkjemåtar om årsaker til statsoppløysing som minnar om moderne sosiologi og sosialøkonomi. Det best kjende verket hans er Muqaddimah, som også er kjend under det greske namnet 'Prolegomena'. Verket tek for seg soga til dei nordafrikanske folka og arabarstatane, men er også ein historiefilosofi.

Statue av Ibn Khaldun i Tunis.

Ibn Khaldun var fødd i Tunis i noverande Tunisia i år 732 etter muslimsk tidsrekning. Han kom frå ei utdanna slekt av stormenn som hadde postar i heile den arabiske verda. Ibn Khaldun hadde sjølv ei rekkje stillingar, mellom anna for sultanen av Marokko. I 1365 var han sendemann frå sultanen av Granada til kong Pedro I av Kastilla. I 1400 forhandla han med Timur Lenk som omleira Damaskus. Ibn Khaldun avslutta karrieren som dommar i Kairo.

KjelderEndra