Ich lasse dich nicht, du segnest mich denn

Ich lasse dich nicht, du segnest mich denn!, BWV 157, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Ich lasse dich nicht, du segnest mich denn!
BWV 157
Kantate av Johann Sebastian Bach
SjangerKoral
PeriodeBarokken
Komponert1727 Leipzig
Urframføring6. februar 1727
Publiseringsdato1886
Typisk lengd18:29
Satsar/akterfem

Han vart komponert i Leipzig i 1727 og framført for kyndelsmesse under gravferda til Johann Christoph von Ponickau i Pomssen. Stykket vart framført på nytt 6. februar 1728 eller seinare i Leipzig.

Teksten er henta frå 1. Mosebok 32: 26 (første sats), Christian Keymann (femte sats) og Christian Friedrich Henrici (Picander) (sats 2-5)

Koraltemaet er basert på salmen «Meinen Jesum laß ich nicht». Andreas Hammerschmidt (1611 eller 1612 - 1676) komponerte denne melodien som først finst i Fest-, Buß- und Danklieder for fem stemmer og fem instrument. Samlinga er tilskriven kurfyrstinne Magdalena Sibylla av Sachsen og vart trykt i 1658 i Zittau.

Instrumentering og struktur endre

Stykket er instrumentert for tverrfløyte, to oboar, to fiolinar, violetta (bratsj) og basso continuo, samt to songsolistar (tenor, bass) og firedelt kor.

Det består av fem satsar:

  1. «Ich lasse dich nicht, du segnest mich denn», Duett for tenor & bass
  2. «Ich halte meinen Jesum feste», Arie for tenor
  3. «Ja, ja, ich halte Jesum feste», Arie for bass
  4. «Ei, wie vergnugt ist mit mein Sterbekasten», Resitativ for bass
  5. «Meinen Jesum lass' ich nicht», Koral

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre