Opna hovudmenyen

Igor Jurjevitsj Nikulin (fødd 14. august 1960) er ein sovjet-russisk tidlegare sleggjekastar frå Moskva som tilhøyrde verdseliten i øvinga i tida 1982-94. Han vann etter tur EM-sølv 1982, EM-bronse i 1986 og 1990, og til sist OL-bronse i 1992.

Igor Nikulin
Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 14. august 1960
Moskva
Idrett friidrett
Yrke sleggekaster, friidrettsutøvar

AktivEndra

Nikulin vart sovjetmeister i sleggjekasting både i 1982 og 1983. Han sikra seg sølvmedaljen under den internasjonale meisterskapsdebuten ved EM 1982 i Aten, med eit kast på 79,44 m vart han klart slått av landsmannen, verdsrekordhaldar Jurij Sedykh. I den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett året etter missa Nikulin med 8 centimeter på bronsen og vart fjerdemann med sine 79,34 meter. Under EM 1986 i Stuttgart tok han bronsemedaljen, lengstekastet målte 82,00 meter og vart hans lengste i noko meisterskap. Likevel vart han statist mot dei legendariske sleggjekastarane Jurij Sedykh og Sergej Litvinov som kniva om gullmedaljen, ein medalje Sedykh vann med ny verdsrekord, 86,74 meter er gjeldande verdsrekord også i 2019.

Under VM 1987 i Roma nådde Nikulin 80,18 m, likevel vart han ikkje betre enn nummer fem. Den 12. juli 1990 slengde han sleggja 84,48 m ved eit stemne i Lausanne, hans livs lengste kast. Ved EM 1990 i Split stoppa han med 80,02 m, tok likevel ein ny EM-bronse, berre lagkameraten Igor Astapkovitsj og Tibor Gécsek frå Ungarn kasta lengre. Bronse vann Nikulin også under Sommar-OL 1992 i Barcelona, saman lagkameratane Andrej Abduvalijev og Astapkovitsj syrgde han for storslem for den oppløyste Sovjetunionen. I sitt siste meisterskap, EM 1994 i Helsinki, mangla Nikulin 10 cm på bronsemedaljen og enda på fjerdeplass, nett som hadde gjort på den same arenaen 11 år tidlegare.

Faren Jurij Nikulin vart nummer fire i sleggjeøvinga under Sommar-OL 1964.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

KjelderEndra