Ihr werdet weinen und heulen

Ihr werdet weinen und heulen, BWV 103, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Ihr werdet weinen und heulen
BWV 103
Kantate av Johann Sebastian Bach
SjangerKoral
PeriodeBarokken
Komponert1725
Urframføring22. april 1725
Publiseringsdato1876
Typisk lengd16:40
Satsar/akter6

Han vart komponert i Leipzig i 1725 for tredje sundagen etter påske, som dette året var 22. april. Verket vart framført ein gong til av Bach i Leipzig den 15. april 1731.

Teksten er henta frå Evangeliet etter Johannes 16: 20 (første sats), Paul Gerhardt (sjette sats), Christiane Mariene von Ziegler (sats 2-5).

Koraltemaet er basert på salmen «Was mein Gott will, das g’scheh allzeit»

Instrumentering og struktur endre

Stykket er instrumentert for trompet, piccolofløyte, tverrfløyte, to oboar d’amore, to fiolinar, bratsj og basso continuo, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.

Det består av seks satsar:

  1. «Ihr werdet weinen und heulen», Koral
  2. «Wer sollte nicht in Klagen untergehn», Resitativ for tenor
  3. «Kein Arzt ist außer dir zu finden», Arie for alt
  4. «Du wirst mich nach der Angst auch wiederum erquicken», Resitativ for alt
  5. «Erholet euch, betrübte Sinnen», Arie for tenor
  6. «Ich hab dich einen Augenblick», Koral

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre