Surfer Girl
Surfer Girl Studioalbum av The Beach Boys | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 16. september 1963 | |
Innspelt | 12. juni og 16. juli 1963 | |
Sjanger | Surferock | |
Lengd | 25:30 | |
Selskap | Capitol | |
Produsent | Brian Wilson | |
Kritikk | ||
---|---|---|
The Beach Boys-kronologi | ||
Surfin' USA (1963) |
Surfer Girl | Little Deuce Coupe (1963)
|
Surfer Girl er det tredje studioalbumet til The Beach Boys og det andre albumet deira som kom ut i 1963. Dette var det første albumet til The Beach Boys der Brian Wilson står som produsent.
Surfer Girl nådde 7. plass i USA og låg på lista her i 56 veker. I Storbritannia vart albumet gjeve ut på ny våren 1967 og nådde då 13. plass her. Surfer Girl finst i dag på CD i lag med Shut Down Volume 2 og bonusspor frå denne tida, inkludert ei tyskspråkleg utgåve av «In my Room».
Soge
endreTittelsporet, som nådde 7. plass på singellista i USA, var den første Brian Wilson skreiv, 19 år gammal, med «When You Wish Upon A Star» som mal. Songen var ein ballade og var eit risikabelt val som singel, men kvaliteten som låg i songen gjorde han likevel til ein kommersiell suksess. B-sida på singelen, «Little Deuce Coupe», var den mest suksessrike B-sida til The Beach Boys og nådde 15. plass i USA. Dei opphald slik òg tradisjonen deira med å setje ein surfesong på A-sida og ein bilsong på B-sida. Syster til Mike Love, Maureen, spelte harpe på «Catch a Wave», medan «The Surfer Moon» var den første Beach Boys-songen med strykearrangement. «In My Room» var truleg den første personlege songen Brian Wilson skreiv og omhandla ein stad ein kan trekke seg tilbake til og slappe av frå mas og jag.
Albumet selde til gull i USA.
Innhald
endreNr. | Tittel | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Surfer Girl» (Brian Wilson) | Brian Wilson | 2:26 |
2. | «Catch a Wave» (Brian Wilson/Mike Love) | Mike Love og Brian Wilson | 2:15 |
3. | «The Surfer Moon» (Brian Wilson) | Brian Wilson | 2:11 |
4. | «South Bay Surfer» (Brian Wilson/Carl Wilson/Al Jardine) | Brian Wilson og Mike Love | 1:45 |
5. | «The Rocking Surfer» (Trad. Arr. Brian Wilson) | Instrumental | 2:00 |
6. | «Little Deuce Coupe» (Brian Wilson/Roger Christian) | Mike Love | 1:38 |
Nr. | Tittel | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|
7. | «In My Room» (Brian Wilson/Gary Usher) | Brian Wilson | 2:11 |
8. | «Hawaii» (Brian Wilson/Mike Love) | Brian Wilson og Mike Love | 1:59 |
9. | «Surfers Rule» (Brian Wilson/Mike Love) | Dennis Wilson med Brian Wilson | 2:09 |
10. | «Our Car Club» (Brian Wilson/Mike Love) | Brian Wilson og Mike Love | 2:08 |
11. | «Your Summer Dream» (Brian Wilson/Bob Norberg) | Brian Wilson | 2:00 |
12. | «Boogie Woodie» (Trad. Arr. Brian Wilson) | Instrumental | 1:52 |
Medverkande
endre- The Beach Boys
- Al Jardine – kor og harmonivokal; bassgitar; handklapping
- Mike Love – solovokal, kor- og harmonivokal; handklapping
- David Marks – rytmegitar; handklapping
- Brian Wilson – solo-, kor- og harmonivokal; bassgitar; piano, orgel; handklapping
- Carl Wilson – kor- og harmonivokal; sologitar, bassgitar; handklapping
- Dennis Wilson – solo-, kor- og harmonivokal; trommer, handklapping
- Andre musikarar og produksjon
- Hal Blaine – trommer, perkusjon
- Steve Douglas – tenorsaksofon
- Maureen Love – harpe
Salslister
endre- Album
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1963 | US Billboard 200 Albums Chart | 7[1] |
1967 | UK Top 40 Album Chart | 13[2] |
- Singlar
År | Singel | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1963 | «Surfer Girl» | US Billboard Hot 100 Singles Chart | 7 |
1963 | «Little Deuce Coupe» | US Billboard Hot 100 Singles Chart | 15 |
1963 | «In My Room» | US Billboard Hot 100 Singles Chart | 23 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Surfer Girl» frå Wikipedia på engelsk, den 25. august 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Surfer Girl/Shut Down Volume 2 CD-hefte, David Leaf, c.1990.
- «The Nearest Faraway Place: Brian Wilson, The Beach Boys and the Southern California Experience», Timothy White, c. 1994.
- «Wouldn't It Be Nice - My Own Story», Brian Wilson og Todd Gold, c. 1991.
- «Top Pop Singles 1955-2001», Joel Whitburn, c. 2002.
- «Top Pop albums 1955-2001», Joel Whitburn, c. 2002.
- Allmusic.com
- ↑ «Surfer Girl - The Beach Boys: Awards». AllMusic.
- ↑ «UK Top 40 Hit Database». EveryHit.
Bakgrunnsstoff
endre- Greg Panfile sin musikalske analyse av «Surfer Girl» Arkivert 2007-01-05 ved Wayback Machine.
- Greg Panfile sin musikalske analyse av «In My Room» Arkivert 2008-12-30 ved Wayback Machine.
- Tekstar til Surfer Girl Arkivert 2006-11-17 ved Wayback Machine.