Inge Staldvik

norsk politikar

Inge Jostein Staldvik (fødd 6. januar 1955) er ein norsk småbrukar, vertshuseigar og politikar frå Røyrvik i Nord-Trøndelag.

Inge Staldvik
Fødd6. januar 1955 (69 år)
Namsskogan kommune
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet (1992), Sosialistisk Venstreparti (1993; 2010)
Yrkepolitikar, bonde, forretningsdrivande
Alle verv

Far hans var småbrukar i Stallvikgrenda, på eit bruk Inge Staldvik sjølv dreiv vidare frå 1983. Sjølv var han i 1972, 17-år gammal, med på å organisere Folkebevegelsen mot EEC i Røyrvik, same året som han fullførte realskulen. Sidan gjekk han på Mære landbruksskole i 1972/73 og Ringsaker folkehøgskole i 1974/75, året imellom var han gruvearbeidar ved A/S Skorovas Gruber. Perioden 1975–78 arbeidde han som likningssekretær i Nittedal kommune.

Frå 1978 til-82 var Staldvik organisasjonssekretær i Nord-Trøndelag AUF, formann i organisasjonen 1982–83. Frå nyår 1984 var han ordførar i Røyrvik, knapt 29 år gamma vart han då den yngste ordføraren i landet. Mindre enn to år seinare vart han vald inn på Stortinget for Arbeidarpartiet frå Nord-Trøndelag. På Tinget plasserte Arbeidarpartiet han i Landbrukskomitéen. I si andre stortingsperiode markerte Staldvik motstand mot partileiinga og Gro Harlem Brundtland i spørsmålet om Noregs tilknyting til EF (seinare EU). Den 15. desember 1992 valde han difor å melde seg ut av Arbeidarpartiet, ettersom han fann at EØS-avtalen stridde mot vitale interesser i Noreg. 13. januar 1993 melde han seg inn i Sosialistisk Venstreparti. Etter stortingsvalet 1993 var han 1. vararepresentant til Stortinget 1993–97, framleis vald frå Nord-Trøndelag.

Staldvik leia Røyrvik Nei til EU i 1994. Sidan var han fylkesleiar 1994-96 i Nord-Trøndelag SV, leiar i Naumdøla Mållag 1996–2000, leder i Nord-Trøndelag Bonde- og Småbrukarlag 2002–09 og styremedlem 2003-05 i Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Han var elles kommunestyremedlem 1995-2003 i Røyrvik og fylkestingsmedlem 1999-2007 i Nord-Trøndelag.

Staldvik utdanna seg i tradisjonsmat ved Høgskolen i Telemark i 2002, og han studerte kommunal økonomi og leiing ved Høgskolen i Nord-Trøndelag fram til 2004. Frå 2005 dreiv han også vertshuset Skjenkestova i Skorovas.

I 2010 melde Staldvik seg ut av Sosialistisk Venstreparti i protest mot at nestleiaren Bård Vegar Solhjell uttalte det var ynskjeleg med auke i bestandane av dei store rovdyra i Noreg.

Kjelder endre