Ingebjørg Godskesen

norsk politikar
(Omdirigert frå Ingebjørg Amanda Godskesen)

Ingebjørg Amanda Godskesen (fødd 26. mai 1957 i Kristiansand) er ein norsk politikar frå Framstegspartiet. Ho vart vald inn på Stortinget for Aust-Agder fylke i 2009, då ho var 1. kandidat for Aust-Agder Framstegsparti. Godskesen sat i Arendal bystyre frå 2003 til 2009, og var medlem av planutvalet og formannskapet, i tillegg til miljø-, kultur- og næringskomiteen i kommunen. Ho har også vore fylkesstyremedlem i KS Agder.

Ingebjørg Godskesen

Fødd26. mai 1957 (67 år)
Kristiansand kommune
Statsborgar avNoreg
PartiFramstegspartiet (2000; 20. juni 2017), partilaus (20. juni 2017; 31. oktober 2017), Pensjonistpartiet (31. oktober 2017)
Yrkepolitikar
InstitusjonarNoregs Statsbanar
Alle verv

Bakgrunn

endre

Godskesen har fagbrev innan økonomi frå Økonomisk Gymnas fra 1977, og har fullført studium i data og internett frå Universitetet i Agder frå 1978. Ho jobba innan administrasjon og kontor i NSB frå 1977 til 1986, då ho starta firmaet ABC-Text Økonomi. Ho gjekk over til å vere salskonsulent for Dagligvareservice i 1995. Frå 2003 var ho tilsett på heiltid som distriktssekretær i Framstegspartiet, og vart som regionsekretær i 2007.

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ingebjørg Godskesen