Ingunn Eldbjørg Utsi (fødd i 1948) er ein norsk samisk biletkunstnar frå Repvåg i Nordkapp kommune. Per 2004 hadde ho deltatt på meir enn 50 utstillingar i inn- og utland. Ho har òg hatt fleire store utsmykkingsoppdrag og er kjend for skulpturane sine, der ho ofte bruker tre, gjerne drivved, og kombinerer dette med andre materiale, som pleksiglas, stein og bladgull.

Ingunn Utsi

Statsborgarskap Noreg
Fødd november 1948 (75 år)
Repvåg
Yrke kunstmålar, bilethoggar, biletkunstnar
Språk nordsamisk
Far Ivar Utsi
Ingunn Utsi på Commons
Skulptur som i hovedsak består av et tre opp-ned
Rottreet, sola og havet (2019)

Ho har vore sentral i å bygga opp samiske kunstnarorganisasjonar og har engasjert seg i å synleggjera kunsten til urfolk, mellom anna gjennom UNESCO-prosjektet Arts from the Arctic.

Ho er ein av kunstnarane som blei valde til å stilla ut på Nasjonalmuseet si utstilling ved nyopninga av museet i 2022.

Liv og virke endre

Oppvekst endre

Ingunn Utsi er dotter av barnebokforfattaren Ivar Utsi.[1] Då ho byrja i fyrste klasse på internatskulen i Repvåg i 1955, var alle barna frå heimplassen Repvågsstranda samisktalende. Det budde berre samar i bygda, som tidlegare blei omtalt som «Finneby». Etter kvart blei det eit språkskifte i Nordkapp, og i Lafjorden, på Laholmen og på Repvåg snakka ungane norsk. Utsi var eit av dei siste barna frå Repvågstranda som var samisktalande.[2]

Utdanning endre

Før ho byrja kunstnarutdanninga si, tok Utsi grunnfag i samisk ved Universitetet i Oslo. Ho tok så kunstfagleg utdanning ved Kunstskolen i Trondheim (KiT, no Kunstakademiet i Trondheim) i periodane 1973–1975 og 1977. Ved KiT gjekk ho på målarlinja, men teikna for det meste.[1] Ho hadde mellom anna målaren John Anton Risan som lærer. I 1999 var ho representert på utstillinga John Anton Risan og hans elever i Trondheim kunstmuseum.[3]

I tida 1990–1991 deltok ho på vidareutdanning av kunstnariske konsulentar ved Nordnorsk Kunstnersenter.

Utsi har hatt studiereiser til mellom anna Firenze og Siena i Italia, Mexico by, New York, Baltikum og Russland.[4]

Kunst endre

Ifølgje tidlegare konservator ved Nordkappmuseet Kjersti Skavhaug er det det medmenneskelege perspektivet som pregar verka til Utsi. Motsetningar pregar motivval og tema.[5] Kontrastar er tydelege i bilda hennar og i materialbruken i skulpturane. Mykje handlar om å vera inkludert eller ekskludert. Ho er påverka av sin eigen oppvekst og visuelle minne, men det er vanskeleg å sjå om ho har hatt nokre kunstnariske forbilde som har prega arbeida hennar.

Teikning endre

«I Ingunn Utsis tegninger utvikler det seg et interessant fenomen. Det oppstår en symbiose mellom fugl og menneske. I flere av hennes bilder kan man se at fuglene har menneskeøyne […] Mens fuglene tidligere var realistisk gjengitt, har kunstneren lagt inn et menneskelig element, som gjør at det blir lettere å identifisere seg med dem. De er ikke lenger 'noe annet', men har en egenskap som gjør at deres skjebne også angår oss.» Irene Snarby i Billedkunstneren Ingunn Utsi

 
«Hei, e du dær II» «… I flere av hennes bilder kan man se at fuglene har menneskeøyne …» Irene Snarby i Billedkunstneren Ingunn Utsi.

Ho har illustrert bøker av andre, mellom anna av faren Ivar Utsi, og har skapt sjølvstendige verk. Dei frittståande teikningane hennar har ofte sjøfuglar, som lundefugl og alker, som motiv. I verka er hovudmotivet attgitt nærast fotografisk, medan bakgrunnen kan vera eit stilisert landskap av horisontale striper. Til tider er òg gjenstandar, som til dømes fjør, integrert i verka, så dei verkar som «mixed media» eller collagar.[6]

Skulptur endre

 
Den tunge samtalen om vennskap og kobber (2019)

«Når jeg jobber med tredimensjonale treobjekter, lager jeg nesten aldri noen skisser. Jeg jobber direkte med materialet og lar det snakke med tankene mine, øynene og hendene mine. På mange måter kan jeg se resultatet ved å la materialet være min guide, men det er overraskelser eller krav i selve treet, og det må jeg ta i betraktning. Mens jeg former materialet, vokser det og blir kunstverket mitt» Ingunn Utsi om sitt arbeid med treskulpturer

Ingunn Utsi har i mange år brukte drivved og trestammar som utgangspunkt for skulpturane sine. Ho eksperimenterer med å setja andre naturlege element, som fjør, pels og stein, saman med tre, og kombinerer dei naturlege materiala med pleksiglas, metall og bladgull.[7]

Engasjement for urfolkskunst endre

Historisk sett har ikkje samane forhalde seg til landegrenser i nordområda, og då Sámi dáiddacehpiid searvi /Samisk kunstnarforbund (SDS) blei danna i 1979, tok det inn medlemmer frå både Noreg, Sverige, Finland og Russland. I dag har organisasjonen over 70 medlemmer som arbeider med forskjellige medium, frå duodji og kunsthandverk til biletkunst og fotografi.[8]

Det største kunstprosjektet som er blitt realisert gjennom SDS er vandreutstillingane «Arts from the Arctic», som opphavleg var initiert som ei verdsutstilling av urfolkskunst av World Craft Council og lansert i Kyoto i Japan i 1980. Prosjektet bestod av fem utstillingar med samtidskunst og kunsthandverk av arktiske urfolk i Alaska, Canada, Russland, Grønland og Sameland, fordelt på desse fem regionane. Ingunn Utsi hadde, saman med Rose-Marie Huuva, arbeidd med å organisera dette frå samisk side, noko som var eit nybrotsarbeid. Utstillingane hadde som målsetjing å visa breidda i den arktiske samtidskunsten. Ein av føresetnadene for utval av kunstverk var at dette skulle skje i nært samarbeid med dei deltakande folkegruppene, på premissane til urfolkskunstnarane. Totalt bestod dei fem utstillingane av rundt 200 kunstnarar og kunsthandverkarar frå 20 forskjellige urfolksgrupper. 37 av dei var samiske kunstnarar. Arbeidet med utstillinga strekte seg frå 1984 til 1995. Resultatet var ei stor hending der mange av urfolkskunstnarane fekk eit større medvit om verdien av eigen kunst. «Arts from the Arctic» opna òg auga til mange kunstinteresserte for dei kvalitetane som ligg i urfolkskunst, både frå eigen region og i det sirkumpolare området.[8]

Offentlege innkjøp og utsmykkingar (utval) endre

Kunsten til Utsi er innkjøpt til fleire offentlege samlingar og institusjonar, m.a. De Samiske Samlinger, Sametinget, Norsk kulturråd, Finnmark fylkeskommune og Nordnorsk Kunstmuseum.[9]

Ho er opptatt av at utsmykkingane ho skapar skal ha tilknyting til staden, og ha tyding for menneska som brukar rommet.[5]

Eit omfattande oversyn over innkjøp, utsmykkingar og utstillingar av verka hennar er gjeve i Skavhaug (2004) Billedkunstneren Ingunn Utsi, s. 62-63

Utstillingar endre

Separatutstillinger (utval) endre

  • 1987 – Nordkappmuseet, Honningsvåg (også 1991, 1997, 2000 og 2004)
  • 1987 – WCIP-konferansen, Lima, Peru
  • 1990 – Alta Kunstforening
  • 1998 – Samisk kunstnersenter, Karasjok
  • 1998 – Siida Sàmi Musea, Inari, Finland
  • 2000 – Retrospektiv 1987–98 Tegning og skulptur, De Samiske Samlinger, Karasjok
  • 2010 – Formidlingsturné med Gærjah – Sørsamisk bok- og kulturbuss
  • 2020 – Samtalen, Terminal B, Pikene på Broens visningsrom i Kirkenes[7]
  • 2021 – Samtalen, Kongsberg Kunstforening

Internasjonale utstillingar og biennalar (utval) endre

  • 1993–1994 – Arts from the Arctic, Canada og Alaska.[8]
  • 1999 – Den internasjonale biennalen for samtidskunst i Firenze
  • 2003/2004 – Maya, Sámi, Wayúu, Yakpa, Anú Arte Contemporáneo, Venezuela
  • 2006/2008 – In the Shadow of the Midnight Sun; Sami and Inuit Art 2000–2005, Canada
  • 2009 – MANU PROPRIA – Roots, Drawing Triennial, Tallin i Estland
  • 2013 – Sakahàn: International Indigenous Art, Nasjonalgalleriet Ottawa i Canada
  • 2014–2015 – SÁMI Contemporary, Korundi Rovaniemi Art Museum; Norrbotten museum, Luleå; SDG Karasjok; Kungsbacka konsthall, Göteborg; Felleshuset De nordiske ambassader i Berlin.[10]
  • 2016 – Poetics of the Material, Art Ii Biennale 2016, Ii i Finland.[11]

Prisar og utmerkingar endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 http://skuvla.info/skolehist/ingunn-n.htm - lest 22. oktober
  2. Dei siste samisktalande barna i Nordkapp - lest 24. oktober 2019
  3. Risan, John Anton (1999). John Anton Risan og hans elever. Trondheim kunstmuseum. s. 3. 
  4. Skavhaug (2004), s. 63
  5. 5,0 5,1 Skavhaug (2004), s. 16
  6. Skavhaug (2004), s. 11
  7. 7,0 7,1 «CONVERSATIONS // Ingunn Utsi – Sámi Dáiddaguovddáš». Henta 18. januar 2022. 
  8. 8,0 8,1 8,2 Snarby, Irene (17. januar 2020). «Den transnasjonale samiske kunsten». Norsk Kunsthåndbok. 
  9. «Ingunn Utsi // Samtalen» (på norsk). Henta 25. januar 2022. 
  10. «Sámi Contemporary». Arkivert frå originalen 18. januar 2022. Henta 18. januar 2022. 
  11. «Ingunn Utsi» (på engelsk). 6. februar 2018. Henta 18. januar 2022. 
  12. «Kulturprisen til Kjersti Røst - Radio Nordkapp» (på norsk). Henta 18. januar 2022. 
  13. Grønnevik, Reiulf (8. mai 2019). «(+)Utnevnte tre æresmedlemmer» (på norsk). Henta 19. januar 2022. 
  14. Vuitii John Savio-bálkkašumi 2023

Litteratur endre

  • Skavhaug, Kjersti (red.) (2004). Billedkunstneren Ingunn Utsi. Honningsvåg: Nordkappmuseet. ISBN 8290700105