Nordnorsk Kunstmuseum

Koordinatar: 69°38′53.369″N 18°57′35.543″E

Nordnorsk Kunstmuseum er eit kunstmuseum i Tromsø, skipa 1. november 1985 som ei stifting med mål om å spreia kunnskap og interesse for biletkunst og kunsthandverk i Nord-Noreg.

Nordnorsk Kunstmuseum
NordnorskKunstmuseum-Tromsø.jpg
StadTromsø
Skipa1. november 1985; 34 år sidan (1985-11-01)
Opna17. mars 1988; 32 år sidan (1988-03-17)
DirektørJérémie Michael McGowan
Nettstadwww.nnkm.no

Nordnorsk Kunstmuseum
69°38′53″ N 18°57′36″ E

HistorieEndra

I 1979 blei behovet for eit nordnorsk kunstmuseum undersøkt av Norsk kulturråd. Nordnorsk Kulturråd, Universitetet i Tromsø, Riksgalleriet og Nasjonalgalleriet. Det blei opna 17. mars 1988 med Frode Haverkamp som direktør. Siden har både Anne Aaserud og Knut Ljøgodt hatt direktørstillinga.[1] Jérémie Michael McGowan blei direktør ved Nordnorsk Kunstmuseum den 1. mars 2016.[2]

Museet heldt opphavleg til i Tromsø Kunstforening sine lokale i Musegata til Sjøgata 1 ved Prostneset. I 2002 flytta Nordnorsk Kunstmuseum til dei noverande lokala sine i Sjøgata 1. Bygningen frå 1915 var teikna av arkitekten Søren Wiese Opsahl for å husa post- og telegrafkontor. Derette var han politistasjon frå 1967. Museet ligg i det eldste gateløpet i Tromsø, med fasaden mot Roald Amundsens plass.

Samlingar og utstillingarEndra

Nordnorsk Kunstmuseum viser fram ulike temporære utstillingar med både historisk og samtidig kunst, og har i tillegg ei fast samling som finst i heile andreetasjen. Her blir det vist kunst frå byrjinga av 1800-talet frem til i dag. Sentrale kunstnarar er Peder Balke, Adelsteen Normann, Harriet Backer, Anna-Eva Bergman og Olav Christopher Jenssen. Den faste samlinga består av verk frå museet si eiga samling, supplert med verk deponerte frå Nasjonalmuseet, SpareBank 1 Nord-Norges kunststiftelse, Sparebankstiftelsen DNB NOR, Tromsø Kunstforening og private samlingar.

Nordnorsk Kunstmuseum har ansvar for heile den nordlege delen av Noreg. I 2010 oppretta det ei eiga avdeling for landsdelsdekkande program. Avdelinga turnerer årleg 2-3 mellomstore utstillingar i dei tre nordlegaste fylka og på Svalbard. I tillegg turnerer formidlingsavdelinga til museet rundt 20 mindre undervisingsbaserte vandreutstillingar til rundt 200 skular i heile landsdelen.

7. februar 2015 opna Nordnorsk Kunstmuseum filialen Kunsthall Svalbard i Longyearbyen, eit dedikert utstillingsrom for visuell kunst som også hadde som føremål å driva omvisingar, formidling, verkstader og workshops.[3] Kunsthallen blei offisielt opna av dronning Sonja, og den første utstillinga var Glacier av Joan Jonas.

30. mars 2017 blei Nordnorsk Kunstmuseum kåra til Årets museum 2017 av Norges museumsforbund.[4] Museumsperformancen Sámi Dáiddamusea, i samarbeid med RiddoDuottarMuseat, vann Kunstkritikerprisen 2018[5], Tromsø kommunes kulturpris 2017[6] og Norsk Publikumsutvikling sin pris for Neste praksis 2017.[7]

DirektørarEndra

FotogalleriEndra

KjelderEndra

  1. «Nordnorsk Kunstmuseum». Store norske leksikon (norsk). 29. august 2018. Henta 16. desember 2018. 
  2. «Ny direktør ved Nordnorsk Kunstmuseum | Nordnorsk Kunstmuseum». nnkm.no. Henta 26. oktober 2016. 
  3. «Et innblikk i Kunsthall Svalbard | Nordnorsk Kunstmuseum». nnkm.no. Henta 26. oktober 2016. 
  4. «Nordnorsk Kunstmuseum er Årets museum 2017 – Norges museumsforbund». museumsforbundet.no (bokmål). Henta 18. mai 2017. 
  5. «Kunstkritikerprisen til RiddoDuottarMuseat og Nordnorsk Kunstmuseum». Kritikerlaget (bokmål). Henta 30. desember 2018. 
  6. www.tromso.kommune.no (PDF) https://www.tromso.kommune.no/getfile.php/4300773.1308.pawinkkjtwpsll/kulturrpsien+Oversik+fom+1987.doc.as.pdf. Henta 30. desember 2018. 
  7. «Nordnorsk Kunstmuseum | Neste praksis | Norsk publikumsutvikling». norskpublikumsutvikling.no (engelsk). Henta 30. desember 2018. 
  8. «Nordnorsk Kunstmuseum». Store norske leksikon (norsk). 29. august 2018. Henta 16. desember 2018. 

BakgrunnsstoffEndra