Ingvar Helle

norsk politikar

Ingvar Lars Helle (12. april 193314. mai 2003) var ein norsk økonom, skulemann, advokat og politikar, fødd i Larvik og busett i Stavanger. Han var politisk aktiv i Venstre og seinare Det Nye Folkepartiet, stortingsrepresentant 1969-73. Historikaren Knut Helle var bror hans.

Ingvar Helle

Fødd12. april 1933
Larvik
Død14. mai 2003 (70 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre, Det Liberale Folkepartiet (1972; 1988)
Yrkepolitikar, advokat, lærar
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
Norges handelshøyskole
BarnLars Helle
Alle verv

Liv og gjerning endre

Ingvar Helle voks opp i Larvik og sidan i Hetland herad, der far hans var skuleinspektør. Etter eit år som meteorologassistent på Jan Mayen, utdanna han seg til siviløkonom ved Norges Handelshøyskole i Bergen, tok eksamen i 1958. Der etter var han lektor ved Stavanger Handelsgymnasium 1958-67. År 1962 avla han juridisk embetseksamen ved Universitetet i Oslo. Frå 1967 til 1980 var han rektor ved Stavanger Handelsskole/Ledaal videregående skole.

I 1980 byrja Helle å arbeide i oljenæringa. Han var 1981-82 personalsjef i det USA-amerikanske oljeboringsselskapet Loffland Brothers North Sea Inc, før han i tida 1982-87 hadde ymse stillingar i Statoil. Frå 1988 var han administrerande direktør i Norpipe A/S, til dess han frå 1991 til -97 på ny arbeidde i Statoil. Frå 1997 til han døydde var Helle advokat i firmaet Helle, Torall, Berven og Brygfjeld.

Helle var 1965-71 bystyremedlem i Stavanger for Venstre og 1968-71 medlem i Rogaland fylkesting. Perioden 1969-73 var han stortingsrepresentant frå Rogaland, vald inn for Venstre. Etter at Venstre-gruppa på Stortinget kløyvde seg på landsmøtet på Røros i november 1972, fylgde Helle dei utbrytarane som danna Det Nye Folkepartiet. På Stortinget var han 1969/70-sesjonen nestformann i Justiskomiteen, dei tre siste sesjonane var han sekretær i Samferdslekomiteen.

Valbolken 1980-83 møtte Helle på fylkestinget att, då som gruppeleiar for Det Liberale Folkepartiet (Det Nye Folkepartiet). I to år, 1978-80, var han landsformann i partiet. Etter Det Liberale Folkepartiet slutta seg saman med Venstre i 1988, var han medlem i landsstyret i Venstre.

Kjelder endre