Ingvild Kjerkol
Ingvild Kjerkol (fødd 18. mai 1975 i Stjørdal) er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet og helse‑ og omsorgsminister i Regjeringa Støre frå 2021.[1] Ho har vore vald inn på Stortinget frå Nord-Trøndelag fylke sidan 2013. Frå 2021 har ho vore helse- og omsorgsminister i Støre-regjeringa.
Ingvild Kjerkol | |
![]() | |
Fødd | 18. mai 1975 (48 år) Stjørdal kommune |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Arbeidarpartiet |
Yrke | politikar |
Far | Ole Meier Kjerkol |
Alle verv |
|
Bakgrunn Endra
Kjerkol har utdanning frå NTNU, der ho har ein samfunnsvitskapleg bachelorgrad innan psykologi. Ho har også studert drift og vedlikehald av EDB-system ved Høgskolen i Sør-Trøndelag. Ingvild Kjerkol har jobba som både lærar og miljøarbeidar i Stjørdal kommune. I 2009, før ho vart fylkesråd, jobba ho i ein periode som næringspolitisk rådgjevar i ALLSKOG.[2]
Kjerkol har hatt og har fleire styreverv. Ho har sete i styret for Steinvikholm Musikkteater AL, som årleg set opp den historiske operaen Olav Engelbrektsson.[3] Ho har også vore styreleiar i Innovasjon Norge Nord-Trøndelag, nestleiar i styret for Regionale forskingsfond Midt-Norge og styreleiar i Ungt Entreprenørskap Trøndelag.
Politisk karriere Endra
Kjerkol var au pair i Frankrike da ho i 1995 vart spurd om å stille på lista til Arbeidarpartiet for første gong, den gongen som listefyll.[4] Ho vart vald inn og like etter vakna den politiske interessa hennar for fullt. I 2003 vart ho også medlem av Nord-Trøndelag fylkesting.
Kjerkol var 1. vararepresentant til Stortinget frå Nord-Trøndelag 2005–2009, med knapp margin frå å bli vald inn, og 2. vararepresentant 2009–2013. Ho har møtt som vararepresentant i Stortingets kommunal- og forvaltningskomité og Stortingets familie- og kulturkomité. Kjerkol er medlem av sentralstyret i Arbeidarpartiets sidan landsmøtet i 2009.[5][6]
Ho har vore leiar i Stjørdal Arbeiderlag sidan 2011, kasserar i Stjørdal Arbeidarparti i fleire år og sete i styret i Nord-Trøndelag Arbeidarparti, både som direktevald og tiltredande medlem. Kjerkol var ordførerkandidaten til Arbeidarpartiet i Stjørdal i 2007, men Arbeidarpartiet kom ikkje i posisjon, og Kjerkol var gruppeleiar for partiet i både Stjørdal kommunestyre og Nord-Trøndelag fylkesting 2007–2009. Ho tredde frå verva som gruppeleiar i kommunestyret og fylkestinget da ho vart fylkesråd for regional utvikling (med politisk ansvar for næring, regional forsking og utviklingsplan) hausten 2009.[7] Kjerkol var fylkesrådsleiar i eit samarbeid mellom Arbeidarpartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti 2011–2013.
Kjelder Endra
- ↑ «Regjeringens medlemmer». Regjeringen.no. 14. oktober 2021. Arkivert frå originalen 15. oktober 2021. Henta 15. oktober 2021.
- ↑ «Ingvild Kjerkol blir ny næringspolitisk rådgiver». ALLSKOG. 5. januar 2009.
- ↑ «Sikrer «Tryllefløyten»». Adresseavisen. 7. oktober 2008.
- ↑ «31 år og Aps toppkandidat». Byavisa Trondheim. 19. september 2006.
- ↑ «Kjerkol inn i sentralstyret». NRK Trøndelag. 21. april 2009.
- ↑ «Kjerkol vant valgstrid». Adresseavisen. 22. april 2009.
- ↑ «Kjerkol valgt til ny fylkesråd». NRK Trøndelag. 29. september 2009.
- Denne artikkelen bygger på «Ingvild Kjerkol» frå Wikipedia på bokmål, den 15. oktober 2013.
Bakgrunnsstoff Endra
- Ingvild Kjerkol Arkivert 2012-05-25 ved Wayback Machine. hos Nord-Trøndelag fylkeskommune
- «Ingvild Kjerkol». Stortinget.no.