Isteren er ein innsjø i Engerdal kommune i Innlandet fylke. Isteren er ein næringsrik innsjø med eit stort artsmangfald. Han er ein populær sportsfiskesjø, og sjansane for den gode fangsten er stor. Sommaren 2006 vart det fanga ein aure som vog 9,250 kg med stong frå ein liten båt. Sjøen er òg rik på sik, gjedde, åbor, harr, lake og dvergsik, lokalt kalla sild. Det meste av Engerdal kommune er Statsalmenning. Isteren er ikkje eit almenningsvatn og fiskerettane er delt på 45 eigedomar. Det vert seld fiskekort. Rundt sjøen er det to fiskevollar og nokre enkeltståande hytter.

Isteren
innsjø
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Engerdal
Høgd over havet 645 moh.
Areal 28,97 km²
Største djupn 45 m
Kystlengd1 90,86 km
Koordinatar 62°01′04″N 11°46′14″E / 62.01778°N 11.77056°E / 62.01778; 11.77056
Kart
Isteren
62°01′04″N 11°46′14″E / 62.01777778°N 11.77055556°E / 62.01777778; 11.77055556
Wikimedia Commons: Isteren
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Frå nord renn elva Sømåa ut i Isteren. Det er ei idyllisk elv med eit rikt fugleliv, spesielt om våren. Her kan ein en observere sjeldne arter på trekk. På veg ned elva har mange observert både bever og elg. Både den nedre delen av Sømåa og Isteren har gode tilhøve for kanopadlarar. Isteren har mange viker, fjordar, holmar og skjer.

Både Sømåa og Isteren har vedtatt maksfart, men det er ingen kontroll på dette. Høg fart er eit kjent problem for kanofolket, spesielt i Sømåa.

Ein del av Isteren ligg no innanfor Bjørnberga og Isteren naturreservat (oppretta 2005). Området mellom Femunden og Isteren ligg i all hovudsak innanfor reservatet. Det er derfor spesielle krav til ferdsel der. Naturreservat er den strengaste verneforma.

Området mellom Isteren og Femund er òg vinterbeiteområde for rein frå Elgå reinbeitedistrikt. Nokre store bukkar går ofte igjen i området på sommaren, desse er populære fotoobjekt då dei kan vere temmeleg nærgåande og lite skye.