It's Alright, Ma (I'm Only Bleeding)
It's Alright, Ma (I'm Only Bleeding) Song av Bob Dylan frå albumet Bringing It All Back Home | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 22. mars 1965 | |
Innspelt | Columbia Recording Studios i New York City den 15. januar 1965 | |
Sjanger | Folkrock | |
Lengd | 7:29 | |
Selskap | Columbia | |
Komponist | Bob Dylan | |
Tekstforfattar | Bob Dylan | |
Låtskrivar(ar) | Bob Dylan | |
---|---|---|
Produsent | Tom Wilson |
«It's Alright, Ma (I'm Only Bleeding)» er ein song av Bob Dylan på albumet hans Bringing It All Back Home frå 1965. Songen er skildra av biografane hans som «eit mørkt meisterverk», ein av Dylan-songane med dei mest minneverdige bileta.[1] Han vart skriven sommaren 1964 og vart først framført på konsert i New York City den 31. oktober 1964. Dylan introduserte songen der som «It's Alright, Ma, It's Life and Life Only».[2]
Andre utgåver
endreSongen vart spelt av Roger McGuinn for filmen Easy Rider i 1969.
McGuinn's group The Byrds also occasionally performed the song live. One of the Byrds' live covers is featured on the bonus disc of the 2000 remaster of 1970's (Untitled) album, called (Untitled)/(Unissued). This version also appears as a bonus track on the 2002 remastered version of the compilation The Byrds Play Dylan.
Inspirasjon
endre
While preachers preach of evil fates
Bob Dylan
|
Clinton Heylin skriv i biografien sin Bob Dylan: Behind the Shades Revisited at songen «opna ein heil ny sjanger av fingerpeikande songar, ikkje berre for Dylan men for heile popverda». I tillegg skriv han at «It's Alright, Ma» truleg inneheld fleire «minneverdige aforismar» enn nokon annan Dylan-song.[3]
Den mest kjende av desse linjene er «he not busy being born is busy dying» frå andre verset, som vart nytta av Jimmy Carter i nominasjonstalen sin i 1976.[4] Al Gore, fortalte under presidentvalkampen i 2000 at dette var favorittsitatet hans.[5]
Eit anna kjend døme er linja «Money doesn't talk, it swears», som står oppført i The Oxford Dictionary of Quotations.[6] I tillegg fører Columbia Dictionary of Quotations opp tre andre linjer frå songen: «Although the masters make the rules, for the wisemen and the fools», «But even the president of the United States sometimes must have to stand naked» og «Everything from toy guns that spark to flesh-colored Christs that glow in the dark, it's easy to see without looking too far that not much is really sacred.»[7]
Songen vart spelt i siste episoden av serien The Sopranos.
Innspelingar
endreAv Bob Dylan
endre- The Bootleg Series Vol. 6: Bob Dylan Live 1964, Concert at Philharmonic Hall, 1964 (2004)
- Bringing It All Back Home, 1965
- Before the Flood, 1974
- Bob Dylan at Budokan, 1979
- The 30th Anniversary Concert Celebration, 1993
Av andre
endre- Billy Preston, Everybody Likes Some Kind Of Music, 1973
- Andy Hill & Renee Safier, It Takes a Lot to Laugh, 2001
- The Byrds, (Untitled)/(Unissued) (2000), The Byrds Play Dylan (2002), There Is a Season (2006).
- Caetano Veloso, A Foreign Sound, 2004
- Marilyn Scott, Innocent of Nothing, 2006
- Mick Farren, People Call You Crazy - The Story of Mick Farren, 2003
- Roger McGuinn, Easy Rider (filmmusikk), 1969
- Ground Components, An Eye For A Brow, A Tooth For A Pick, 2006
- Ingrid Olava, Juliet's Wishes, 2008
- Terence Trent D'Arby, Music of Quality and Distinction Volume 2, 1991
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «It's Alright, Ma (I'm Only Bleeding)» frå Wikipedia på engelsk, den 20. oktober 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Sounes, Howard (2001). Down the Highway: The Life of Bob Dylan. New York: Grove Press. s. 168. ISBN 0-0821-1686-8 Check
|isbn=
value: checksum (hjelp). - ↑ Heylin, Clinton (2003). Bob Dylan: Behind the Shades Revisited. New York: HarperCollins Publishers Inc. s. 169 og 717. ISBN 0-06-052569-X.
- ↑ Heylin p. 170
- ↑ Marsh, Dave (19. mai 1991). «Out of the 60's, Into His 50's». NYTimes.com. Henta 20. oktober 2009.
- ↑ Kranish, Michael (12. september 2000). «VP cashes in on golden opportunity: 'Oprah'». Boston Globe. Henta 20. oktober 2009.
- ↑ Search Results for "Bob Dylan". Little Oxford Dictionary of Quotations (Oxford University Press). Arkivert frå originalen 7. juni 2011. Henta 20. oktober 2009.
- ↑ Andrews, Robert (1993). «The Columbia Dictionary of Quotations». Columbia University Press. s. 35, 181, 598, 727. ISBN 0231071949. Henta 20. oktober 2009.
Bakgrunnsstoff
endreSongteksten Arkivert 2007-08-04 ved Wayback Machine. på bobdylan.com