Hopparen
Hopparen er ein kjend lausslått i 2/4-takt, ein vandreslått som finst så godt som over heile hardingfeleområdet. Slåtten er mest vanleg vestafjells, der han og finst i flest former, frå Voss og heilt til Nordfjord. Mykje tyder då på at slåtten er gamal på Vestlandet. Ein av dei eldste og knappaste formene av slåtten er truleg komen frå Nils Rekve eller Per Kvarme, noko som tyder på at slåtten har vore nytta på 1700-talet. Ein variant av slåtten finst òg hjå Ludvig Mathias Lindeman. Hopparen er truleg den mest utbreidde av alle vandreslåttane.
Slåtten har fleire stev knytt til seg:
- hev du kje hoppa so hoppa du vel no.
- va du inkje galen so flaug du kje so,
- fillute sokkar og uppbrende sko,
- du dadi ullam du dadi då
eller
- har du kje vore i Hjartdal på To,
- har du kje hoppa, so hoppa du no.
Slåtten er òg kalla Har du `kje hoppa, etter stevet.
Nedskriftene
endreHardingfeleverket har slåtten som nr 159, ein variantgruppe på 16 nedskrifter:
- a: Hev du kje hoppa, etter Ola Mosafinn frå Voss[1]. Nedskrift Arne Bjørndal 1908 (B. N.Sl 19). Mosafinn hadde slåtten etter faren Sjurd Liland. Forma er knapp og grei, og gamal på Voss. Denne forma vart nytta av Øystein Sunde då han laga visa Gammalosten over slåtten.
- b: Hev du kje hoppa, etter Anders Sagen, Kyrkjebø, Sogn [2][daud lenkje]. Nedskrift Arne Bjørndal 1916 (B 533). Sagen hadde lært slåtten av Sjur Berge, Kyrkjebø.
- c: Hopparen, etter Andreas Sunde, Olden, Nordfjord [3][daud lenkje]. Nedskrift Arne Bjørndal 1940 (B 1313). Sunde hadde slåtten etter Olav Flåtå frå Olden. ”Slåtten er gamal i Nordfjord og har opphavleg vore spela på flatfele”.
- d: Hopparen, etter Per Staup, Ulvik, Hardanger [4][daud lenkje]. Nedskrift Arne Bjørndal 1916 (B 219). Staup hadde slåtten etter Lise-Sjur (Sjur Hakestad) (1870-åra).
- e: Bruregangar etter Hans Flatland Bø i Telemark [5][daud lenkje]. Nedskrift Gregar Nordbø: Slåttar og folketonar frå Bø, Telemark.
- f: Gangar, etter Torstein Grotbekk, Heddal [6][daud lenkje]. Nedskrift Arne Bjørndal 1936 (B 1076).
• g: Hjartdølen, etter Torkjell Haugerud, Seljord [7][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven etter opptak i NRK 1956 (G 1074).
- h: Suldølen etter Olav Groven, Lårdal. Nedskrift Eivind Groven 1935 etter minne (G 1030) [8][daud lenkje]. Finnast hjå Lindeman: Norske fjeldmelodier nr 105.
- i: I Hjartdal på To, etter Einar Løndal, Tuddal [9][daud lenkje]. Nedskrift Truls Ørpen 1950 (Ø 399). Løndal hadde slåtten etter Kjetil Finseker frå Tuddal. Slåttenamnet kjem frå stevet.
- j: Hopparen, etter Eivind Hamre, Bygland, Setesdal [10][daud lenkje]. Nedskrift Arne Bjørndal 1917 (B 390). Hamre hadde slåtten etter Neri Neset, Bygland (og han truleg frå Petter Veum).
- k: Setesdalsgangar, etter Andres K. Rysstad, Hylestad [11][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1956 etter opptak i NRK (G 1057).
- l: Hopparen, etter Olav Heggland, Bygland, Setesdal [12][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1956 etter opptak i NRK (G 1081).
- m: Hopparen, etter organisten Melvin Simonsen, Oslo [13][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1956 etter minne (G 1050).
- n: Hev du kje hoppa, etter Ola A. Strand, Ål i Hallingdal [14][daud lenkje]. Nedskrift Arne Bjørndal 1930 (B 2668)
- o: Lappen, etter Bjørn Høgetveit, Vinje [15][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1921 (G 590). Slåttenamnet er etter spelemannen Olav Lappebakken, frå Sauland.
Supplementsnedskrift:
- 173: Røyskatten, etter Engebret Beitohaugen, Øystre Slidre [16][daud lenkje]. Nedskrift Sven Nyhus 1978.