Springaren Asle Myro

Springaren Asle Myro, Kåte-Reiar eller og Anne Vik er ein vandreslått som er mykje nytta i Hallingdal, Valdres, Krødsherad, Numedal og Telemark. Slåtten er og kalla Reiarslåtten eller Sortebergen. Slåtten ser ut til å ha vore særs mykje nytta i Buskerud.

Namnet Kåte-Reiar er knytt til ein sprek lausdansar frå Sigdal, og langt dei fleste formene av slåtten ber dette namnet. Nemnet Asle Myro finst mest i Øvre Hallingdal, der ein avvikande form på felestillet ljosblått er nytta. Slåtten er elles spela på vanleg oppstilt bass (A-D-A-E). I Hallingdal har slåtten og vore kalla Åse Villand, eller Raggsteindalsslåtten. Dette tyder på tilknyting til Hovet. Åse Villand kan vera Åse Tolleivsdotter Villand, fødd 1765, dotter av Tolleiv Olsson Villand i Hovet. Ho sat på støl i Raggsteindalen, og det er fortald ho var god til å spela fele (Reinton: Villandane). Den einaste vestlandsforma som er skriven ned av slåtten, kjem frå Sogn, og her kan slåtten vera komen over fjellet frå Hallingdal.

Anders Mehlum skreiv ned ei segn om opphavet til denne slåtten i 1891:

Aase Rime i Aalsgjæld, der levde for 70 år siden, skulde en vaar buføre eller drive sin Buskap til Rakstejndalen. Da hun næsten var kommen frem til Stølen, blev både hun og Bufæet træt, og hun tog derfor rast. Kjørene laa dovent og pustede, ørtede og gjorde store Øine, Sauer og Gjeder stod eller lå rundtom, Aase og Jæteren sad på hver sin Tue og nød hvilen i den lette Vaarluft på Fjeldet. Bedst som Aase skulde til at rejse sig igjen for at drive Buskapen videre, hørte hun pludseligt Felespel. Forundret og velbehageligt satte hun sig uvilkårligt godt tilrette paa sin tue igjen, hørte og hørte, og Tonerne fo`r kjælent, lystigt og henrivende forbi hende. Det var, som om det var alt hendes glade Ungdomsliv, der atter i et øjeblik for hende forbi. Hun hørte næsten aandeløst paa hele tiden, og tilsidst fik hun høre, at der ogsaa var Dans, den mest taktfaste og lette Dans, til Felespillet inde i Berget. Dette leven varede et par almindelige slaatters bel (tidsrum), og saa blev der stille. Aase buførte nu frem til sæteren, nynnede slaatten, hun havde hørt, og da hun kom frem, var det det første, hun gjorde, at tage Felen sin ud av kløven og sette sig til at spille slaatten. Hun havde lært den fuldstændigt, og mange lærte Rakstejndalsslåtten af hende igjen.

Om denne segna har noko føre seg, er det Åse Villand som har vore opphavet til slåtten. Springaren lyt då reknast til huldreslåttane, i det minste forma på nedstilt bass og kvint (variant j, etter Sevat Sataøen i lista nedanfor).

Slåtten er lett attkjenneleg på opninga, som er eit skala-løp frå grunntonen til oktaven i mest alle variantar. Taket er seinare spela oppatt med brigde frå kvarten (A-strengen). Slåttekrinsen er heller vid, og det er skriven ned variantar av slåtten frå Sogn. Desse er truleg knytt til Valdres-forma.

Variantgruppa endre

Asle Myro høyrer til ein heller stor slåttekrins. Taka frå slåtten finst som vandretak i ei rekkje springarar, men hovudgruppa er katalogisert under nr 527 i band VII av hardingfeleverket. Det største talet på former i lista finst i nedskrifter frå Nes i Hallingdal, og frå Krødsherad. Formene i Nes går attende til Tor Grimsgard. Her har slåtten oftast vore kalla Storeslåtten eller Storevelten, og har mykje sams med forma frå Krødsherad.

Ei nærskyldt springar, Skjelleruden, har mange av dei same taka (nr 362):

nr 527:

  • d: Storevelten, etter Odd Bakkerud, Nesbyen [4][daud lenkje]. Nedskrift Truls Ørpen (Ø 409). Bakkerud hadde slåtten frå morbroren Knut Bakkerud, som hadde slåtten frå Tor Grimsgard. Ein Storevelt er det same som ein uvanleg god slått. Denne forma tek til med eit vek som i dei andre formene ofte er nytta som brigde, og bygger ut dette.
  • i: Springar etter Ola Dekko, etter Sevat Sataøen, Ål [9][daud lenkje]. Denne forma er og kalla Asle Myro. Nedskrift Eivind Groven 1963 (G 1419). Byrjar på grunntonen nede. Meir utbygd form av variant b.
  • j: Asle Myro, etter Sevat Sataøen, Ål [10][daud lenkje]. Ofte kalla Asle Myro på halv kvint (Ljosblått). Nedskrift Eivind Groven 1963 (G 1428). På grunn av felestillet er denne forma noko blåare og alderdommeleg i tonaliteten enn dei andre formene. Nemninga Raggsteindalsslåtten følgjer denne forma.