Opna hovudmenyen

Jakob Kristoffer Johansson Inderberg (16. september 185218. februar 1932) var ein norsk offiser, bankmann, gardbrukar og Venstre-politikar frå Beitstad i Nord-Trøndelag.

Jakob Inderberg
Christoffer Inderberg.JPG
Fødd 16. september 1852
Beitstad
Død

18. februar 1932
Vikna

Yrke politikar, bonde, underoffiser, politibetjent, bankkasserer

Inderberg var son til ein gardbrukar i Beitstad. Han tok i 1873 eksamen ved underbefalsskulen i Trondheim. Frå 1876 var han sersjant og steig vidare i gradane til furer 1888, kommandersersjant 1897, og til sist fanejunker 1902-12. Inderberg var kasserar i Vikna sparebank 1878-1932, lensmannsdreng i Nærøy 1878-84 og gardbrukar på Ålvik i Vikna 1883-1932. Han var medlem av Vikna heradsstyre 1884-1928, varaordførar 1886-97 og ordførar 1900-22.

Inderberg var vararepresentant 1898-1900 for Nordre Trondhjems amt. I 1900 møtte han for Hans Konrad Foosnæs frå 25. april. Han representerte same krinsen på Stortinget 1903-06 og Namdalen krins på Stortinget 1910-18. I 1900 var han medlem av Lagtinget og landbrukskomiteen, 1903-06 av militærkomiteen. Bolken 1910-12 var han medlem av næringskomite nr 1, 1913-18 sekretær i same. Periodane 1922-24 og 1925-27 var Inderberg 1. varamann for Nordre Trondhjems amt. Han møtte i den fyrste perioden fram til mars 1923, då den valde representanten Håkon Five tok plass, kom inn att i juli 1924 for same representanten. Det same gjentok seg i den siste perioden, då møtte Inderberg for Five fram til mars 1926. 1922-24 var han medlem av sosialkomiteen, og 1925-26 av finanskomiteen.

Inder var medlem av Den departementale hærordningskomite av 1908-09 og av Lønnskommisjonen av 1919.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

BakgrunnsstoffEndra