Jakob J. Anderssen
Jakob Jenssen Anderssen (fødd 2. mai 1850) var ein prest og stortingsmann frå Brevik i Telemark. På tinget representerte han Venstre.
Jakob J. Anderssen | |||
Fødd | 2. mai 1850 Brevik | ||
---|---|---|---|
Død | 19. oktober 1921 (71 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | prost, politikar | ||
Alle verv |
|
Anderssen var son til ein skipper. Sjølv gjekk han Kristiania katedralskole der han vart student i 1870. 1871-72 var han huslærar i Storelvdal, år 1875 vart han cand. theol. Deretter var han ei tid lærar ved skular i hovudstaden, før han vart stiftskapellan i Troms i 1877. Frå 1879 var han sokneprest i Ofoten heilt fram til 1908, då han vart utnemnd til prost i Nordre Salten.
Anderssen var medlem av heradsstyret 1881-1910, ordførar 1884-1910. Han var med i forlikskommisjonen frå 1881, ei tid formann i amtsskulestyret. Frå opninga av Ofotbanen i 1902 var han formann i tilsynskommisjonen for bana. I 1906 var han Nordland amt sin utsending til kroninga av den nye kongen i Trondheim.
Valbolken 1886-88 var Anderssen 1. varamann til Stortinget frå Nordland. 1887-sesjonen møtte han frå 18. juni i staden for Carl Ellingsen, 1888 frå 15. mars i staden for Christian Havig. I 1887 var han medlem av tollkomiteen, året etter av jarnbanekomiteen. Perioden 1900-03 var han amtet sin 3. representant, sat då i kyrkjekomiteen.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914