Opna hovudmenyen

Jamaicansk musikk omfattar ulike former for folkemusikk og populærmusikk frå Jamaica, som mento, ska, rocksteady, reggae, dub music, dancehall og reggae fusion. Musikken på øya har opphav i kulturane til dei mange folkegruppene som kom hit, til dømes frå Europa og Vest-Afrika.

Den jamaicanske musikkstilen som truleg er best kjend i verda er reggae, som særleg blei gjort kjend av Bob Marley. Jamaicansk musikk har påverka musikk i andre land gjennom skikken med «toasting», snakking og synging over rytmespor, som blei teken til New York og vidareutvikla til rapping. Britiske sjangrar som lovers rock, jungle og grime er også blitt påverka av jamaicansk musikk.

MentoEndra

 
Musikkgruppe på stranda i Negril i 2013 med banjo, rhumba box og gitar.
For meir om dette emnet, sjå Mento.

Mento er ein forløpar til ska og reggae. Musikkforma bruker typisk akustiske instrument som gitar, banjo, handtrommer og rhumba box — eit stort tommelpiano (mbira) i form av ein boks ein kan sitja på medan ein speler. Denne lager bassrytmen til musikken. Lord Flea og Count Lasher er to av dei mest suksessrike mentoartistane. Nokre velkjende mentosongar er «Day-O», «Jamaica Farewell» og «Linstead Market».

Mento liknar mykje på calypso frå Trinidad og Tobago, og dei to sjangrane blir ofte blanda. Mento er blitt omtala som calypso, kalypso og mento calypso, og mentomusikarar har funne inspirasjon i calypsosongar og -teknikkar.

Calypso og socaEndra

Trinidadisk calypsomusikk er blitt forveksla med jamaicansk mentomusikk. I tillegg har sjølve musikkforma blitt populær på Jamaica, som på andre anglo-karibiske øyar. Også socamusikk frå Trinidad og Tobago er blitt populær på Jamaica. Populære calypso/soca-artistar frå Jamaica er mellom anna Byron Lee, Fab 5 og Lovindeer. Harry Belafonte (frå USA, men budde på Jamaica frå han var 5 til han var 13) introduserte calypsomusikk (og mento) for eit amerikansk publikum, og blei kalla «King of Calypso».

Calypso fortsette også å utvikla seg gjennom 1950- og 1960-talet. Då rocksteady og reggaegrupper etterkvart gjekk inn for å laga musikk som ei form for nasjonal eller tilmed ei internasjonal protestform, følgde dei i fotspora til calypsoen.[1]

JazzEndra

 
Jazz- og reggaekonsert i Spanish Town i 1979.

Frå tidleg på 1900-talet utvikla mange framståande jazzmusikarar seg på Jamaica. Mange av dei hadde bakgrunn frå Alpha Boys School, som trente og oppmuntra elevane sine. Brassbandkulturen på øya var også viktig, med mogleik for musikalsk arbeid og opplæring. Det var likevel avgrensa kva karriere ein kunne ha som jazzmusikar på Jamaica, og mange lokale musikarar forlét staden og slo seg ned i London eller USA.

Nokre av dei best kjende jamaicanske jazzinstrumentalistane som hadde suksess i utlandet er altsaksofonisten Joe Harriott, trompetistane Dizzy Reece, Leslie 'Jiver' Hutchinson og Leslie Thompson, bassisten Coleridge Goode, gitaristen Ernest Ranglin og pianisten Monty Alexander.

Harriott, Goode, Hutchinson og Thompson bygde opp karrierane sine i London, i lag med andre musikarar som pianisten Yorke de Souza og saksofonisten Bertie King, som seinare vende tilbake til Jamaica og grunnla ei gruppe som spelte musikk i mentostil. Reece og Alexander verka i USA. Saksofonisten Wilton 'Bogey' Gaynair slo seg ned i Tyskland, og arbeidde hovudsakleg med Kurt Edelhagen sitt orkester.

SkaEndra

Ska oppstod på Jamaica seint på 1950-talet, og var ein forløpar til rocksteady og reggae. Ska kombinerte karibiske element frå mento og calypso med amerikansk jazz og rhythm and blues. Den første ska-innspelinga blei gjort av trommespelaren Count Ossie, ein nyabhingi-rastafarianar.[2] Typiske ska-band hadde instrument som piano, gitar, bass, trommer og blåseinstrument, inkludert saksofon. Musikken var kjenneteikna av ein stakkato, off-beat rytme, som også er framtredande i reggae.[3] Tidleg på 1960-talet var ska den dominerande musikksjangeren på Jamaica, og blei også populær i Storbritannia.

Musikkhistorikarar deler gjerne ska-historia inn i tre periodar: Den opphavleg jamaicanske på 1960-talet (First Wave), den engelske 2 Tone-perioden seint på 1970-talet (Second Wave) og den tredje perioden (Third Wave) som byrja på 1980-talet og auka i popularitet i USA på 1990-talet. I nyare tid har jamaicansk jazz gjort eit forsøk på å gå tilbake til den tidlege jamaicanske ska-lyden.

Deejayar og toastingEndra

 
Lydioingeniøren Mento Dah Hermit i eit studio.

Saman med veksten av ska blei deejayar som Sir Lord Comic, King Stitt og Count Matchuki populære. Dette var folk som snakka stilistisk over rytmen til populære songar over såkalla sound systems. Denne forma for opptreden skapte eit behov for instrumentalar og instrumentalspor av populære songar. Seint i 1960-åra byrja produsentar som King Tubby og Lee «Scratch» Perry å ta ut vokalsporet frå låtar og laga spor med berre bass, rytme og med melodiinstrumenta tidvis blanda inn att. Dette utvikla seg etterkvart til dub-musikk.

Deejayar byrja med toasting, humoristiske og ofte provokativ omtale av andre deejayar og lokale kjendisar. Over tid blei toasting stadig meir kompleks, og blei eit like stort trekkplaster som danserytmen spelt under.

RocksteadyEndra

Rocksteady var musikken knytt til rude boy-kulturen på Jamaica på midten av 1960-talet, då The Wailers og The Clarendonians dominerte topplistene. Desmond Dekker sin «007» gav sjangeren internasjonal merksemd. Rockstead la mykje vekt på basslinja, til forskjell frå ska, som ofte la vekt på ei sterk blåserekkje. Studiomusikarar som Supersonics, Soul Vendors, Jets og Jackie Mittoo (frå The Skatalites) blei populære på denne tida.

ReggaeEndra

 
Bob Marley i 1980.

Seint på 1960-talet voks reggae fram som ei lokal fortolking av amerikansk rhythm and blues med utgangspunkt i ska. Den kjende reggaegruppa Bob Marley and the Wailers spelte opphavleg ska.[3]

Reggae blei populært over heile verda, i stor grad gjennom den internasjonale suksessen til artistar som Bob Marley, Peter Tosh og Bunny Wailer. Marley blei sett på som ein rastafarisk frelsefigur av ein del tilhengjarar. Tekstane hans om kjærleik og frelse trollband publikum, og han blei kjend for å ha framforhandla ei våpenkvile mellom leiarane for dei to motståande politiske partia på Jamaica, Michael Manley og Edward Seaga, ved One Love Concert.

Dub og andre sjangrarEndra

I 1973 hadde dub-musikk utvikla seg som ein eigen reggaesjanger, og var eit teikn på framvoksteren av remiksen. Dub remiksa allereie innspelte songar med hovudvekt på basslinja. Melodiinstrument og vokalane kunne miksast inn og ut att, ofte med mange studioeffektar.

Andre populære musikkformer som voks fram på 1970-talet var jamaicansk-britiske Linton Kwesi Johnson sin dub-poesi, utbreiinga av rockers reggae frå Sly & Robbie blant artistar som The Mighty Diamonds og The Gladiators, ei rolegare form for rockers reggae utvikla av produsenten Joe Gibbs, mellom anna av Culture og Dennis Brown, Burning Spear sin særeigne stil som kjem fram på albuma Marcus Garvey og Man in the Hills, og harmonisk, andeleg orientert rastamusikk som den til The Abyssinians, Black Uhuru og Third World. I 1975 hadde Louisa Mark ein hitt med «Caught You in a Lie» som byrja ein trend der britiske utøvarar laga romantisk, balladeaktig reggae kalla lovers rock.

Reggae og ska hadde stor innverknad på britisk punkrock og new wave, og inspirerte grupper som The Clash, Elvis Costello and the Attractions, The Police, The Slits og The Ruts. Ska revival-grupper som The Specials, Madness og The Selecter utvikla ska-forma 2 Tone.

På 1980-talet blei reggae stadig meir populært utanfor Jamaica. Musikkstilen påverka særleg afrikanske musikarar, som Sonny Okusuns, John Chibadura, Lucky Dube og Alpha Blondy. Dub blei også mindre populært på Jamaica i dette tiåret, men fortsette å vera ein populær og innverknadsrik stil i Storbritannia som ofte er blitt blanda med elektronisk musikk til stilar som trip-hop, jungle og drum and bass.

Dancehall og raggaEndra

 
Dancehall-artisten Spice.

På 1980-talet var dei mest populære musikkstilane på Jamaica dancehall og ragga eller raggamuffin music. Dancehall er hovudsakleg tale med musikkakkompagnement, mellom anna eit enkelt trommespor (som regel på elektrisk tromme). Tekstane gjekk vekk frå dei politiske og andelege temå dei hadde teke opp på 1970-talet til fordel for mindre alvorlege tema. Ragga er kjenneteikna av dataskapte rytmar og melodispor.

Dancehall utvikla seg frå nyskapande opptak frå sluten av 1970-talet gjort av Barrington Levy saman med Roots Radics og Junjo Lawes som produsent. Yellowman, Ini Kamoze, Charlie Chaplin og General Echo bidrog til å gjera stilen populær, i lag med produsentar som Sugar Minott.

Versjonar av dancehall fortsette å vera populære til midten av 1990-åra. Nokre utøvarar frå føre tiåret konverterte til rastafariarismen, og endra innhaldet i tekstane sine som følgje av dette. Artistar som Buju Banton hadde crossover-suksess i utlandet, medan Beenie Man, Bounty Killer og andre fekk fleire nordamerikanske tilhengjarar etter at dei opptredde fleire gonger på album av gangstarapperar som Wu-Tang Clan og Jay-Z.

I slutten av 2000-åra hadde dancehallartistar som Popcaan, Vybz Kartel, Konshens, Mr. Vegas og Mavado lokal suksess. I 2010-åra blei det også laga popmusikk i andre marknader med dancehallpåverknad, som «One Dance» og «Controlla» (2016) av Drake og «Work» (2016) av Rihanna.

Reggae fusionEndra

Reggae fusion er ei blanding av reggae eller dancehall med element frå andre sjangrar som hiphop, R&B, jazz, rock 'n roll eller indie rock, som blei populær på 1990-talet.[4] Han er nært knytt til raggasjangeren. Reggae fusion-artistar frå Jamaica med hittar på førsteplassen av U.S. Billboard Hot 100 er Ini Kamoze med «Here Comes the Hotstepper» i 1994, Super Cat som var med på Sugar Ray sin song «Fly», Shaggy med «Angel», Rikrok på Shaggy sin song «It Wasn't Me», Sean Paul med «Get Busy», Sean Kingston med «Beautiful Girls» i 2007, og OMI med «Cheerleader» i 2015.

Religiøs musikkEndra

Jamaicansk musikk har lenge vore tett knytt ril ulike religiøs retningar. Bongo Nation er ei gruppe jamaicanarar som kan ha stamma frå Kongo. Dei er kjend for kumina, som både kan visa til ein religion og ein type musikk. Kumina har ein særskild trommestil som dann grunnlaget for rastafaritromming. Denne igjen inspirerte dei særmerkte jamaicanske rytmane i ska, rocksteady og reggae.

På 1860-talet tok kyrkjene Pocomania og Revival Zion i bruk afrikanske tradisjonar og musikk i nesten alle delane av gudstenestene sine. Denne trenden spreidde seg til hindumiljøa på øya, og var med på å danna baccra-musikken.

KjelderEndra

  1. «Calypso: Roots of the Roots». ROOTS 'n' RAP. 
  2. Dave Thompson (2002) Reggae and Caribbean Music. Backbeat Books. s. 261. ISBN 0879306556.
  3. 3,0 3,1 Gloag, Kenneth (1. januar 2011). «Ska» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 9780199579037. doi:10.1093/acref/9780199579037.001.0001/acref-9780199579037-e-6234. 
  4. Big D (8. mai 2008). «Reggae Fusion». Reggae-Reviews. Henta 7. juni 2008. [daud lenkje]

BakgrunnsstoffEndra

Vidare lesing
  • Goode, Coleridge and Roger Cotterrell, Bass Lines: A Life in Jazz. London: Northway Books, 2002. ISBN 0-9537040-2-5
  • Manuel, Peter, with Kenneth Bilby and Michael Largey. Caribbean Currents: Caribbean Music from Rumba to Reggae (2nd edition). Temple University Press, 2006. ISBN 1-59213-463-7. 
  • Mthembu-Salter, Gregory and Peter Dalton. "The Loudest Island in the World". 2000. In Broughton, Simon and Ellingham, Mark with McConnachie, James and Duane, Orla (red.), World Music, Vol. 2: Latin & North America, Caribbean, India, Asia and Pacific, pp 430–456. Rough Guides Ltd, Penguin Books. ISBN 1-85828-636-0
  • Kroubo Dagnini, Jérémie. Vibrations Jamaïcaine. L'Histoire des musiques populaires jamaïcaines au XXe siècle. Camion Blanc. Paris (French language).
  • Mthembu-Salter, Gregory and Peter Dalton. "Lovers and Poets – Babylon Sounds". 2000. In Broughton, Simon and Ellingham, Mark with McConnachie, James and Duane, Orla (red.), World Music, Vol. 2: Latin & North America, Caribbean, India, Asia and Pacific, pp 457–462. Rough Guides Ltd, Penguin Books. ISBN 1-85828-636-0
  • O'Brien Chang, Kevin and Wayne Chen. Reggae Routes: The Story of Jamaican Music. Temple University Press. Philadelphia.
  • Jahn, Brian and Tom Weber. Reggae Island: Jamaican Music in the Digital Age. Da Capo Press. Kingston. ISBN 0-306-80853-6
  • Robertson, Alan, Joe Harriott: Fire in his Soul. London: Northway Books, 2003. ISBN 0-9537040-3-3
  • Staple, Neville. Original Rude Boy. 2009. Aurum Press. ISBN 978-1-84513-480-8
  • Thompson, Leslie with Jeffrey Green, Swing from a Small Island: The Story of Leslie Thompson. London: Northway Books, 2008. ISBN 978-0-9557888-2-6