Jean Fouquet (14201481) var ein fransk målar, ein meister både som målar av bilete og som illustratør av manuskript, ein såkalla illuminator. Sannsynlegvis var det han som fann opp miniatyrportrettet. Han var den fyrste franske kunstnaren som reiste til Italia og med eigne augo erfarte den tidlege italienske renessansekunsten.

Jean Fouquet

Sjølvportrett i miniatyr, 1452-55
Statsborgarskap Kongedømet Frankrike
Fødd 1420, 1425
Tours
Død

1480-åra, 1478
Tours

Yrke kunstmålar, miniatyrmaler, designar, illustratør
Sjanger portrett, religiøst maleri
Jean Fouquet på Commons

Liv endre

 
Madonna med barn, 1452 (eine halvdelen av Melun-diptyket)

Jean Fouquet var fødd i Tours. Lite er kjent om livet hans, men det er visst at han var i Italia føre 1447, der han laga eit portrett av pave Eugen IV som døydde det året. Heimkomen til Frankrike, poda han element av den toskanske stilen han hadde tileigna seg i Italia med van Eyck-stilen. Van Eyck-stilen danna basis for fransk målarkunst på 1400-talet, så med innslaget av toskanske stildrag danna Fouquet ein ny skule innanfor fransk målarkunst.

Han arbeidde ved det franske hoffet; for både kong Karl VII, skattemeisteren Etienne Chevalier, og kanslaren Guillaume Jouvenel des Ursins. Mot slutten av si tid vart han hoffmålar til kong Ludvig XI. Arbeida hans kan sjåast som uttrykk for at det franske hoffet forsøkte å styrke den nasjonale identiteten i Frankrike, i oppvakninga etter den lange striden med England i hundreårskrigen.

Verk endre

 
Kroninga av Karl VI i Grandes Chroniques de France (1455-60)

Fouquets ypparlege ferdigheiter som illuminator, den nøyaktige attgjevinga av dei finaste detaljar, og hans evne til skarp karakterisering i filigransarbeid, ja heile hans verd som målar kjem særleg til sin rett i portretta og altertavlene som han laga.

Eitt av Fouquets viktigaste måleri er Melun diptyk (ca 1450), som tidlegare fanst i Melun-katedralen. Venstrevengen syner Etienne Chevalier med vernehelgenen Den heilage Stefan, medan høgrevengen viser ei bleik Maria Møy med barnet, omgjevne av raude og blå englar.

Eit sjølvportrett i miniatyr kan vere det eldste, reine sjølvportrettet som finst att i vestleg målarkunst. Dette kjem an på om portrettet Jan van Eyck er kjend for er eit sjølvportrett, noko dei fleste kunsthistorikarar meiner det ikkje er.

Fleire av dei illuminerte bøkene og miniatyrmåleria etter Fouquet er tekne vare på. Han illuminerte mellom anna ein kopi av Grandes Chroniques de France. Frå Fouquets hand er også elleve av dei fjorten miniatyrane som illustrerer ei omsetjing av eit verk av Josefus.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Jean Fouquet