Jelena Porsanger (fødd i 1967 i Loparskaja i Sovjetunionen) er ein forsker innan samisk kultur og historie. Ho var rektor ved Samisk høgskole i Kautokeino frå 2011 til 2015.

Jelena Porsanger

FøddJelena Sergejevna Semjasjkina
25. januar 1967
Loparskaja
NasjonalitetNoreg, Russland, Sovjetunionen
Yrkeetnograf, skuleleiar
InstitusjonarUniversitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet
VervRektor ved Samisk høgskole
FøregangarSteinar Pedersen
EtterfylgjarGunvor Guttorm

Liv og virke endre

Jelena Porsanger voks opp i landsbyen Loparskaja i innlandet av Kolahalvøya,[1] sentralt i det kildinsamiske området. Familiebakgrunnen hennar er likevel frå det skoltesamiske området nær grensa mellom Russland og Finland, og faren skal ha snakka skoltesamisk. Foreldra forska på nordlys ved Polar-geofysisk institutt ved Kola vitskaplege senter under Det russiske vitskapsakademiet, og Jelena vart difor tidleg stimulert til ein akademisk karriere.[1]

Utover 1970-talet byrja det å verta aukande interesse for det samiske, og då det kom ei samisk-russisk ordbok lærte Porsanger seg kildinsamisk på eiga hand.[1] Av farmora lærte ho i tillegg finsk, og ho drog seinare til Helsingfors for å studera, der ho òg måtte læra seg nordsamisk.[1]

I 1998 byrja Porsanger som førsteamanuensis  ved Senter for samiske studium ved Universitetet i Tromsø, i 2000 blei ho tilsett som forskar og førelesar og i 2005 som seniorforskar. Forskinga hennar på munnlege og skriftlege kjelder til den austsamiske urfolkreligionen frå 1500- til 1900-talet førte fram til doktoravhandlinga «Bassejoga čáhci»: Gáldut nuortasámiid eamioskkoldaga birra álgoálbmotmetodologiijaid olis («Vatna i den heilage elva»: Kjeldene til den austsamiske religionen sett i lys av urfolkmetodologi), som ho forsvarte ved Universitetet i Tromsø i januar 2006. Det var den første disputasen som hadde føregått på samisk i Noreg.[2] Porsanger har sagt at inspirasjonen til oppgåva kom frå frustrasjon over kor lite som var skrive om austsamisk kultur og religion, og at det som var skrive var «urettmessig generalisert».[1]

Ho vart tilsett ved Samisk høgskule i Kautokeino, der ho sidan 2010 har leidd eit forskingsprosjekt for utvikling av metodologi, dokumentasjon, bevaring, vern og lagring av árbediehtu – tradisjonell samisk kunnskap. 1. august 2011 vart ho rektor ved høgskulen.[3]

Porsanger har òg vore med i ekspertpanelet til SN sitt forum for urfolksaker.[3]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Siw Ellen Jakobsen (juni 2007). «Med himmelen som tak». Bladet forskning. Arkivert frå originalen 1. desember 2017. Henta 26. november 2017. 
  2. Randi Solhaug (20. januar 2006). «Første disputas på samisk». Universitetet i Tromsø : Nyhetstorget. Arkivert frå originalen 11. juni 2007. Henta 26. november 2017. 
  3. 3,0 3,1 «Jelena Porsanger blir ny rektor». Samisk høgskole. 2011. [daud lenkje] (daud lenkje juli 2017)

Bakgrunnsstoff endre