Opna hovudmenyen

Jens Amundsson Fenstad (fødd i Rissa i Sør-Trøndelag i 1778, død i Bergen 9. november 1825) var ein norsk lovbrytar og falskmyntar, og han var den siste her til lands som vart avretta for falskmynteri. Han er den einaste i norsk historie som har vorte dømd til døden fire gonger, og for fire ulike forhold.

Jens Amundsson Fenstad
Fødd 1778
Død

9. november 1825

Yrke falskner

Innhaldsliste

BakgrunnEndra

Jens Amundsson Fenstad vart døypt den 3. mai 1778 i dåverande Stadsbygd prestegjeld. Garden Fenstad ligg i noverande Rissa kommune. Far hans var gardbrukar på eige bruk. Jens gifta seg i 1801 og vart far til fire born. I fire år dreiv han gard på Hitra, før han flytta tilbake til Fenstad.

Tidleg kom han i konflikt med både grannar og med lovverket. Han vart skulda for både nasking, tjuveri, omstreiferi og til sist for falskmynteri.

Første arrestasjonen fann stad i 1807, då vart han dømd for å ha stole fiskegarn frå sin eigen far. I seks månader sat Fenstad i Trondheim tukthus. Der lærte han falskmynteri av medfangen Ivar Mæhlum frå Orkdal (kjelde: "Jens Fenstad - falskmynter på sin hals", Nidaros Forlag 1985).

Fyrste dødsdomenEndra

I 1812 vart han på nytt arrestert for tjuveri. Under forhøyr vedgjekk han å ha forfalska fleire hundre riksdalar. Medan saka pågjekk rømde Fenstad frå arresten fleire gonger. Fyrst 27. juni 1818 vart dødsdomen forkynt i Høgsterett. Allereie 17. august 1818 fekk han nåde av Kongen; den nye straffa var festningsarrest på livstid. Han skulle vere denne livstida på Bergenhus festning, eit tiltak meint å gjere nye fluktforsøk vanskeleg.

Andre dødsdomenEndra

Medan Fenstad sat på Bergenhus festning, framstilte han nye, falske setlar. For dette vart han 19. februar 1820 dømt til døden for andre gong. I mellomtida hadde han rømt på ny, men etter å ha blitt fanga fekk han nåde for andre gong, dagsett 3. juni 1820. Den nye straffa var atter livstid på Bergenhus festning, no under strengt vakthald.

Tredje dødsdomenEndra

Også under dette fengselsopphaldet laga Fenstad falske setlar om natta, medan han var lenka til ein stokk saman med andre fangar. Atter ein gong vart han dømt til døden av Høgsterett, no 10. september 1822. Denne gongen bad justisdepartementet om at domen skulle fullbyrdast, men kongen gav Fenstad nåde nok ein gong (14. oktober 1822). På ny fekk han livstidsstraff, innleia med piskestraff (27 slag).

Flukt, på frifot og fjerde dødsdomenEndra

Like før pinse i 1823, rømde Fenstad atter ein gong. Sogningen Ola Knutsson Skjerdal planla og fekk hjelp med gjennomføre røminga av ein soldat frå Sykkylven. Soldaten skaffa Fenstad ei klokkefjør som var tilfila i kanten, og lykjel til å låse opp handjarn og fotjarn. Med klokkefjøra fila Fenstad av ei jarnstang i vindauga. Slik kom han seg ut, og ned for festninga låg Skjerdal klar med ein robåt.

Fenstad reiste vidt i kring i Sør-Noreg det neste halvåret. Han var tilmed ein tur innom Sverige. Måndag 15. desember 1823 kom han i fylgje med ein annan omstreifar til garden Alme i HareidSunnmøre og vart der verande i fire dagar. Fredagen for han tvers over Vartdalsfjorden til den einbølte garden Bjørndal i Vartdal, noko Alme-folket fann underleg då dei to hadde sagt å vere på tur til Trøndelag. Etter å ha overnatta to netter på Bjørndal reiste dei vidare til grannegarden Flåskjer. Måndag 22. desember rodde dei ut til Brandal i Hareid. Kvar dei kom, bad dei å få veksle pengar. Futen, Andreas Landmark, heldt til Brandal og då han fekk sjå to av dei veksla pengesetlane, forstod han dei var falske.

Dei to omstreifarane vart arrestert i Brandal. Saka mot dei to vart ført i Brandal og i arresten i Kolvika i Borgund (no Ålesund). Futen Landmark var aktor. Ei rekkje vitne vart avhøyrde, hovudvitna var Ivar Andersson Alme og Hans Larsson Bjørndal. Først i slutten av februar vedgjekk Fenstad kven han var.

Domen over dei to omstreifarane fall 20. november 1824Håkonsholmen i Ulstein. Den eine, Hans Kristiansen, vart dømd for å streife om utan lovleg pass. Fenstad vart dømd frå liv og ære. Han var ”et i Ondskab aldeles forhærdet og uforbederlig Menneske”.

28. juni 1825 stadfesta Høgsterett den fjerde dødsdomen, kong Karl Johan skreiv 11. oktober 1825 under på at domen skulle fullbyrdast.

AvrettingaEndra

Avrettinga av Jens Amundsson Fenstad fann stad på Nordnes i Bergen 9. november 1825. Skarprettar var Johannes Mühlhausen. Same kvelden vart liket gravlagt utanfor kyrkjegarden ved St. Pauli kyrkje.

KjelderEndra

  • Rigstidende
  • Departementstidende
  • Bjåstad, Ingvard: Soga om Ulstein og Hareid. Bind II. Ålesund 1977