Jerome Clarke Hunsaker


Jerome Clarke Hunsaker (26. august 188610. september 1984) var ein amerikansk kaptein og flykonstruktør.

Jerome Clarke Hunsaker

Statsborgarskap USA
Fødd 26. august 1886
Creston
Død

10. september 1984 (98 år)
Boston

Yrke luftfartsingeniør, oppfinnar, ingeniør, flygar
Språk engelsk
Medlem av National Academy of Sciences
Jerome Clarke Hunsaker på Commons

Liv og virke endre

Hunsaker vart fødd i Creston i Iowa, men voks opp i Michigan. Han var elev ved skular i Detroit og Saginaw der far hans var avisredaktør. Han byrja ved United States Naval Academy og gjekk ut i 1908 som beste elev. Medan han framleis var i uniform studerte han maritim arkitektur ved MIT og fekk mastergrad i 1912. Han opplevde å sjå Louis Blériot flyga over Boston hamn. Det inspirerte han til å ta opp studiet om luftmotstand og flyging etter å ha lese Gustave Eiffel sin studie Resistance of the Air and Aviation Han skreiv til forfattaren og fekk invitasjon til Paris for å sjå på flybygging i Frankrike. Hunsaker reiste attende til USA og ved MIT fekk han oppgåva med å utvikla eit passande kurs i aerodynamikk. Han bygde den fyrste vindtunnelen ved MIT og var instruktør der i åra 1914-16.[1]

I 1917 vart han medlem av det felles Army and Navy Technical Board for å tilretteleggja eit flyprogram, og i 1918 vart han knytt til den Interallierte sjømilitære våpenkvile-kommisjonen.[2]

Hunsaker var leiar for Goodyear Zeppelin-selskapet frå 1928.

Han var sjef for maskinteknisk institutt ved MIT i 1933, og rettleidde hovudfagsstudentar som utdanna seg til luftfartsingeniørar.[3]

Han deltok i bygginga av det fyrste moderne luftskipet bygde i USA, så vel som luftskip for marinen, og saman med Westervelt og Richardson konstruerte han flybåten Curtiss NC.

Frå 1941 til 1956 var han leiar av National Advisory Committee for Aeronautics. Han var òg med i styret i Science Service, som no er kjend som Society for Science & the Public, frå 1955-1958.

Blant dei publiserte arbeida hans er: Stabie Biplane Arrangements, Aërodynamic Properties of Triplane og Aëroplane Stability. Han fekk Edvard Longstreth Medalje frå Franklin Institute i 1942 og 1955 Langleys gullmedalje frå Smithsonian Institution.[4][5][6] Hunsaker var òg eit av dei opphavlege medlemmane av Majestic 12, og vart det siste gjenlevande medlemmet.

Kjelder endre

Referansar endre