Jesus bleibet meine Freude

(Omdirigert frå Jesu, Joy of Man's Desiring)

«Jesus bleibet meine Freude» er den tiande satsen i kantaten Herz und Mund und Tat und Leben av Johann Sebastian Bach. Ein transkripsjon av den engelske pianisten Myra Hess (1890–1965) vart publisert i 1926 for piano solo og i 1934 for piano duett som «Jesu, Joy of Man's Desiring».[1] Den britiske organisten Peter Hurford transkriberte satsen for orgel. I dag er satsen ofte nytta under bryllaupsseremoniar, ofte i eit langt seinare tempo enn det Bach opphavleg føreslo i partituret sitt,[2] for stemmer med trompet, oboar, strykarar og continuo. Han vart skriven det første året hans i Leipzig i Tyskland og er ein av dei mest kjende verka til Bach.

Jesus bleibet meine Freude
Sats 10
Koral av Johann Sebastian Bach og Johann Schop
Koral Herz und Mund und Tat und Leben

SjangerKoral
PeriodeBarokken
Komponert1723
Urframføring2. juli 1723
Publiseringsdato1884
Typisk lengd02:40
Tekst avMartin Jahn

Bakgrunn

endre

Mykje av musikken til Herz und Mund und Tat und Leben kjem frå Weimar-perioden til Bach. Den tidlegare utgåva (BWV 147a) manglar resitativa, men inneheld opningskoralen og fire ariar, som òg finst i den seinare utgåva. For Leipzig la Bach til tre resitativ og den kjende koralsatsen som avsluttar det heile.[3]

Sjølv om det er den 32. kantaten til Bach (av dei som har overlevd) fekk han nummeret BWV 147 i katalogen hans.[4] Bach skriv totalt kring 200 kantater.

I motsetnad til det mange trur, var det fiolinist og komponisten Johann Schop, ikkje Bach, som skriv grunnmelodien i koralmelodien, Werde munter, mein Gemüthe. Bach harmoniserte og orkestrerte melodien.[5] Bach nytta aldri melodien for bryllaupsseremoniar, slik han ofte vert nytta til i dag. I staden var det ein del av ein over 20 minuttar lang tradisjonell kyrkjekantate.

Tekst

endre

Jesus bleibet meine Freude,
meines Herzens Trost und Saft,
Jesus wehret allem Leide,
er ist meines Lebens Kraft,
meiner Augen Lust und Sonne,
meiner Seele Schatz und Wonne;
darum lass' ich Jesum nicht
aus dem Herzen und Gesicht.

Innspelte utgåver

endre

Songen vert typisk framført sakte og drøymande.

Beach Boys-songen «Lady Lynda» er basert på den same melodien.

Kjelder

endre
  1. Boyd, M., ed. «Jesu, Joy of Man's Desiring», The Oxford Composer Companions: J. S. Bach, Oxford University Press
  2. Kennedy, M., ed. «Jesu, Joy of Man's Desiring", Oxford Dictionary of Music, Oxford University Press
  3. "Herz und Mund und Tat und Leben", The Oxford Composer Companions: J. S. Bach, Oxford University Press
  4. Bach-kantater, Chronological Listing
  5. Arnold, Denis (1983), The New Oxford Companion to Music, Oxford University Press, ISBN 0193113163 

Bakgrunnsstoff

endre